Viljo Akseli Heino (1. mars 191415. september 1998) var en finsk friidrettsutøvar frå Iitti som var verdsrekordhaldar på 10 000 meter frå 1944 til 1949. Han vann 10 000-meteren under EM i friidrett 1946 i Oslo.

Viljo Heino
Statsborgarskap Finland
Fødd 1. mars 1914
Itis
Død

15. september 1998 (84 år)
Tammerfors

Yrke langdistanseløpar
Høgd 175 centimeter

Heino vart finsk meister på både 5 000 m og 10 000 m i 1943. Året etter vart han finsk meister på 5 000 m, men imponerte meir då han 25. august 1944 i Helsinki forbetra verdsrekorden på 10 000 meter med 17 sekundar til 29.35,4.

Under friidretts-EM 1946 på Bislett stadion var Heino fullstendig suveren i milløpet og vann på tida 29.52,0, førti sekundar framom landsmannen Helge Perälä på sølvplassen. Dagen etter vart Heino nummer fire på 5 000 meter. To år seinare sleit han med mageproblem då Sommar-OL 1948 fann stad i London. Han braut milløpet i den 17. runden og kom på 11. plass i maratonløpet.

Den 11. juni 1949 slo tsjekkoslovaken Emil Zátopek Heino sin verdsrekord på 10 000 meter. Kanppe tre månader seinare, den 1. september i Kouvola, tok Heino tilbake rekorden med eit løp på tida 29.27,2. Men allereie 22. oktober svarte langdistansefenomenet Zátopek med ei ytterlagre forbetreing av verdsrekorden på mila.

Heino la opp i 1951. Han døydde 84 år gammal i Tammerfors.

Kjelder endre