Viljuj (russisk Вилюй) er ei elv i Krasnojarsk kraj i Russland og den største av sideelvane til Lena frå venstre. Elva er 2650 km lang og har eit nedslagsfelt på 507 874 km². Elva har ei middelvassføring på 1480 m³/s og 1450 km oppover frå munningen kan elva nyttast til skipsfart.

Viljuj
elv
Stryk i Viljuj
Land  Russland
Nedslagsfelt 507 874 km²
Lengd 2 650 km
Middelvassføring 1 480 /s
Kjelde Det sentralsibirske platået
Munning Lena
Kart
Viljuj
65°58′41″N 103°30′49″E / 65.978055555556°N 103.51361111111°E / 65.978055555556; 103.51361111111
Wikimedia Commons: Vilyuy River

Viljuj har kjelde sørvest for busetnaden Ekonda i Krasnojarsk kraj nord på Det sentralsibirske platået. Ho renn søraustover gjennom det store Viljuj-reservoaret, der òg sideelva Tsjona munnar ut. Ho held fram austover gjennom ein brei dal, der det frå nord kjem inn fleire sideelvar. Dei største av desse er Markha og Tjung. Elva renn gjennom byane Njurba og Viljujsk, før ho munnar ut i Lena rundt 350 km nedstraums Lena frå Jakutsk.

Viljuj er kjent for diamantgruvene som ligg langs elva sidan 1950-talet. Det vert òg vunne ut gull, jernmalm og kol i området.

Kjelder endre