Villsvin

pattedyrart
Villsvin
Villsvin
Villsvin
Villsvinhann
Villsvinhann
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: Framandart med høg risikoUtbreiinga av Villsvin
Utbreiinga av Villsvin
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Orden: Klauvdyr Artiodactyla
Familie: Svin Suidae
Underfamilie: Suinae
Stamme: Suini
Slekt: Sus
Art: Villsvin S. scrofa
Vitskapleg namn
Sus scrofa

Villsvinet er eit svin som lever vilt i størsteparten av Europa og Asia, og delar av Nord-Afrika. Det liknar på sin etterkommar grisen, men dei er meir hårete og mindre feite. I Noreg førekjem dei berre som streifdyr frå forvilla svenske bestandar, og jakt på dei er tillate heile året.

Skildring endre

Villsvin er eit partåa klauvdyr i svinefamilien. Det er eit mellomstort dyr med stort hovud, kort hals og kraftig, men rørleg kropp. Pelsen er korthåra, stri og børsteaktig med ein brungrå farge. Vinterpelsen er tett og korthåra. Kroppslengda er 90–180 cm og halen er på 30–40 cm med ein hårdusk i enden. Vekta varierer frå 50 til 200 kg. Augo er små. Snuten er lang med eit flatt tryne. Hjørnetennene i underkjeven veks ut til krumme støyttenner.[1] Desse vert jamnast ikkje lengre enn 20 cm hjå hannar, men eksemplar med 30 cm lange støyttenner er heller ikkje uvanleg.

Fargen varierer både med utbreiingsområdet, men er jamnast mørk grå til brun. Om våren skifter dei til den mykje tynnare sommarpelsen over ei periode på tre månader, før vinterpelsen nesten med det same tek til å veksa ut att. Ungane har lyse, langsgåande striper.

 
Dei heilt yngste villsvina har lyse striper på sidene.

Storleiken til villsvina varierer mykje med kvar bestanden held til. Dei nordlegaste villsvina er vanlegvis tyngre og meir kompakt bygde enn dei heilt sørlege. I Sentral-Europa er hoene vanlegvis 130 til 140 cm lange og med masse mellom 55 og 70 kg, medan hannane er 140 til 150 cm lange og ein masse på mellom 80 og 90 kg.

Villsvin i Kaukasus og områda rundt vert langt større. Her kan hannar bli så mykje som to meter lange og med masse opp til 200 kg. I 2015 vart det i Sverdlovsk oblast i Russland skote eit villsvin med ein masse på over 500 kg.[2]

Miljø endre

Villsvin lever i dag i Europa, Nord-Afrika, Asia, Sumatra, Java og Taiwan. Det finst også forvilla bestandar i mellom anna Australia, New Zealand og Nord- og Sør-Amerika. Det er også utrydda frå fleire stader, som Noreg. Her finst berre villsvin som har vandra inn frå Sverige, der bestanden hovudsakleg består av rømte tamdyr.[1]

Som ein forstår av det store utbreiingsområdet, er villsvinet særs tilpassingsdyktig. Dei harde hjørnetennene gjer det mogleg for dei å finna mat i jorda på stader der dei fleste andre dyr kjem til kort; noko som rett nok avgrensar utbreiingsområdet deira i nord, der bakken frys om vinteren, men som likevel har ført til at dei trivst i ei rekkje ulike økosystem.

Ein finn dei difor i mange ulike slag økosystem; frå dampande regnskog via tørr barskog til forstader i tyske byar. I mai 2003 blei det skote to vaksne eksemplar på Alexanderplatz i Berlin.

I tropiske og subtropiske habitat tilpassar villsvinet seg klimaet ved å redusera pelsen og underhudsfeittlaget. Her er dei meir avhengige av vatn enn andre stader, og er difor ikkje å finna i ørkenstrok eller andre turre område.

Levesett endre

 
Villsvinmor med to ungar

Villsvin er mest aktive om natta og i skumrings- og demringstida, men er til dels òg dagaktivt.[1] Lever i lauvskog og på stepper.

Villsvinet er stort sett altetande, men plantekost utgjer størsteparten av føda.[1]

Hoer og ungdyr opptrer i mindre flokkar, medan eldre hannar stort sett lever åleine utanom i paringstida.[1] Den vanlegaste familieorganiseringsmodellen er den med ei mor og det yngste kullet hennar; stundom òg nokre av dei nest yngste. Desse smågruppene bryt opp når mattilfanget i eit område vert for knapt til å brødfø heile gruppa.

Hannar vert jaga vekk av mor si når dei vert kjønnsmogne. Då dannar dei ungdomsgrupper der dei lever i lag i vanlegvis minst eitt år. Vidare løyser gruppa seg opp, og dei einskilde hannane går til kvar sine mor/born-grupper. Her følgjer dei mora i gruppa eit bel utan nokosinne å bli heilt fullverdige medlemer av gruppa.

Paringstida er om vinteren. Ungane vert fødde knappe fire månader etter paringa, med typiske kull på 4–6 ungar.[1] I samband med fødselen lager hoa eit «fødereir» i form av ei grop i bakken kledd med vegetasjon.[1] Ungane held seg saman med mora på staden dei er fødde i tre veker. Mora er særs hissig på å verja avkjømet sitt, og vik ikkje attende for å gå til åtak på menneske.

Villsvin og menneske endre

På leiting etter føde kan villsvin rota kraftig opp i det øvste jordlaget, og kan på den måten gjera skade i avlingar.[1]

Villsvin i mytologi og religion endre

I gresk mytologi er det to villsvin som særleg utmerker seg: det erymantiske villsvinet Herakles jakta på som èin av dei tolv bragdene sine, og det calydoniske villsvinet som vart nedkjempa av eit jaktlag beståande av dei fleste store greske heltane.

Norrøn mytologi nemner villsvin først og fremst i samband med fruktbarheitsgudane Frøy og Frøya. Dette syskenparet har begge kvart sitt svin å ri på, høvesvis Gullinbuste og Hildesvini.

 
Varaha er den tredje inkarnasjonen til guden Vishnu i hinduismen.

I hinduismen er den tredje avataren til Vishnu eit villsvin ved namn Varaha.

I keltisk mytologi er villsvinet eit heilagt dyr, vigd til gudinna Arduinna. Mange keltiske og irske segner fortel om jakt på desse dyra; m.a. historia om korleis Fionn mac Cumhaill dreiv rivalen sin Diarmuid Ua Duibhne i døden.

På tida til det andre Persarriket vart villsvina respekterte som modige og fryktlause krigarar. Adjektiva «Boraz» eller «Goraz», som tydde «villsvin», vart stundom brukt som tilnamn til store hærmenn og stridskjemper. Namnet til hærføraren Shahrbaraz (som mellom anna erobra Egypt) er sett saman av orda «shar» (rike) og «boraz», og tyder «kongedømmet sitt villsvin».

Referansar endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 1,7 «Villsvin», Store norske leksikon, 2. november 2015, henta 15. august 2016 
  2. Russe erlegt halbe Tonne schweres Monster-Wildschwein Arkivert 2016-05-21 ved Wayback Machine., Sputnil Deutscland, 23/11-2015.

Bakgrunnsstoff endre