Vilm er ei øy i Austersjøen like sør for Rügen utanfor kysten av Tyskland. Øya er mindre enn 1 km², medan ho er 2,5 km lang.

Plasseringa til Vilm i Mecklenburg-Vorpommern

Historie endre

Ein har funne spor på at menneske har vore her sidan tidleg steinalder, ikkje lenge etter at øya vart danna etter siste istid. Slavarar bygde eit tempel på øya. Tidleg på 1800-talet vart det vedtatt ei lov som gjorde det forbode å hogge ned tre på øya, og ho var snart ein feriestad for aristokratiet. På 1900-talet var øya ein populær feriestad, men i 1959 stengde DDR øya for publikum, og bygde 11 gjestehus her som skulle nyttast av embetsmenn.

To dagar før gjenforeininga av Tyskland i oktober 1990, gjorde regjeringa øya og dei omliggande områda om til eit verna område. Dette og andre verna område kunne etter lova ikkje direkte overførast til Tyskland, og DDR måtte i staden overføre dei til ein privat person som så kunne overføre områda vidare til Bundesrepublik Deutschland. Dette er årsaka til at Vilm og mange andre verna område i eit logisk sekund høyrte til Hr. Patermann, som då var ein embetsmann i miljødepartementet, og som i dag er leiar av EU-kommisjonen.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelde endre

54°19′N 13°32′E / 54.317°N 13.533°E / 54.317; 13.533