Vincent Kompany
Vincent Jean Mpoy Kompany (fødd 10. april 1986) er ein belgisk tidlegare fotballspelar frå Uccle. Han er særleg kjend for sine 11 sesongar som midtstoppar i Manchester City. Perioden 2004-19 spelte han 81 landskampar for Belgia, vann VM-bronse med landslaget i 2018.
Vincent Kompany | |
Statsborgarskap | Belgia |
Fødd | 10. april 1986 (38 år) Uccle |
Idrett | fotball |
Tok del i | |
Utmerkingar |
Belgian Golden Shoe, Belgian Ebony Shoe, Belgian Ebony Shoe, Belgian Youth Football Player of the Year, Belgian Youth Football Player of the Year, Bronze Zinneke |
Klubbspel endre
Kompany skreiv kontrakt med RSC Anderlecht som 17-åring og slo seg omgåande til fast plass i den belgiske toppklubben. Han fekk med seg to triumfar i serien, før han sommaren 2006 vart overført til tyske Hamburger SV mot 10 millionar euro. Opphaldet i Tyskland vart eit mellomspel. Den 22. august 2008 skreiv han kontrakt med engelske Manchester City. Gjennom elleve sesongar i England bidrog Kompany til at den rike fotballkubben sanka fire ligatitlar, sigra to gongar i FA-cupen og ved fire høve i den engelske ligacupen. Våren 2019 vart reina triumfferda då laget hans henta heim trofeet i så vel ligacupen, som FA-cupen og i ligaen. I mai 2019 spelte han sin siste klubbkamp.
Landslagsspel endre
Kompany fekk sin landslagsdebut 18. februar 2004. Eit halvt år seinare var han på plass då Noreg og Belgia spelt uavgjort 2–2 i ein venskapskamp på Ullevål stadion i Oslo. Han deltok i Sommar-OL 2008 i Beijing, men vart beordra tilbake til Hamburg etter dei innleiande kampane. I sin fyrste av 38 kampar som lagkaptein, heime mot Bulgaria 19. mai 2010, skåra Kompany sitt fyrste av 4 landslagsmål og vart matchvinnar då Belgia snudde til frå 0–1 til 2–1 i sluttminutta. Under VM i fotball 2014 spelte han fire av Belgias fem kampar. Ein lyskeskade gjorde at han vart uaktuell til Fotball-EM 2016. I VM 2018 kom han inn som innbytar i den siste gruppespelkampen. Sidan var han fast på laget til England vart slått 2–0 i bronsefinalen. I juni 2019 deltok han i to EM-kvalifiseringskampar før han la skoa på hylla.
Merittar endre
Kjelder endre
- Denne artikkelen bygger på «Vincent Kompany» frå Wikipedia på engelsk, den 14. april 2022.