Vincent van Gogh (30. mars 185329. juli 1890) var ein nederlandsk kunstmålar. Han er kjend for eit dramatisk sinnsliv og for å ha vore ein føregangar for ekspresjonismen og den moderne kunsten.

Vincent van Gogh

Statsborgarskap Kongeriket Nederlanda
Fødd 30. mars 1853
Zundert
Død

29. juli 1890 (37 år)
Auberge Ravoux, Auvers-sur-Oise

Yrke kunstmålar, botanisk illustratør, teiknar, grafikar, bygningstegner, raderer, litograf, grafikar
Sjanger landskapsmåleri, stilleben, portrett, byprospekt, interiørscene, sjølvportrett, Christian art
Medlem av Société française de gravure
Far Theodorus van Gogh
Mor Anna Carbentus van Gogh
Signatur
Vincent van Gogh på Commons
Sjølvportrett (1888)

Van Gogh byrja å teikne som og barn heldt fram med det gjennom ungdommen, noko som leia fram til at han bestemte seg for å bli kunstnar. Måling byrja han ikkje med før i slutten av tjueåra. Han fullførte mange av dei mest kjende verka sine i løpet av dei to siste åra av livet sitt. På litt over eit tiår produserte han meir enn 2100 kunstverk, som består av 860 oljemåleri og meir enn 1300 akvarellar, teikningar og skisser. Arbeidet hans inkluderer sjølvportrett, landskap, stilleben, portrett og måleri av sypressar, åkrar og solsikker.

Tidleg liv endre

 
Van Gogh i ca. 1871–1872, 18 år gammal.

Van Gogh var fødd i Zundert i Noord-Brabant til presten Theodorus van Gogh og Anna Cornelia Carbentus. Han studerte sjølv for å blir prest, men tok som trettiåring avgjerda om å bli kunstnar etter å ha prøvd same yrkesveg som broren Theo van Gogh hadde, som kunstseljar.

I 1880–1881 studerte han teikning under Anton Mauve i Brüssel. Han studerte deretter ved kunstakademiet i Antwerpen. Dei tidlege måleria hans skildrar arbeidar- og bondeliv, som Potetplukkarane (1885).

Paris endre

I 1886 flytta van Gogh til Frankrike og verka i Paris, der han blei sterkt påverka av den nye kunsten, impresjonismen. Han trefte kunstnarar som Émile Bernard, Paul Gauguin, Henri de Toulouse-Lautrec, Paul Signac og Camille Pissarro og kom i tillegg til impresjonismen i kontakt med pointillismen. Van Gogh henta òg inspirasjon frå dei enkle linene i japansk biletkunst.

Arles endre

I 1888 drog han til Arles sør i Frankrike, der han utvikla ein personleg, fargesterk kunst med kraftig, rørleg penselteknikk og sterke kjensler, ein stil som gav bod om ekspresjonismen. Her skapte han ei rekkje bilete som er blitt svært kjende i ettertid, mellom anna fleire sjølvportrett og dei kjende solsikkemåleria.

 
Sjølvportrett med bandasjert øyre (1889)

Samanbrot endre

Dette året skar han òg av seg venstre øyret og fekk eit psykisk samanbrot. Kort tid etter blei han lagt inn på eit sinnsjukehus i Saint-Remy. Dei siste to månadene av livet budde han i Auvers-sur-Oise, og her tok han livet sitt den 29. juli 1890.

Ettermæle endre

Medan van Gogh aldri blei godt kjend medan han levde, er han i ettertid blitt sett på som ein stor kunstnar. Innverknaden hans på ekspresjonismen, fauvismen og seinare abstrakt kunst var enorm.

Fleire av måleria hans er kjend som mellom dei mest verdfulle i verda. Dei fleste nederlandske musea har ei samling van Gogh-bilete, og det finst eigne van Gogh-museum både i Amsterdam og Otterlo.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Vincent van Gogh