Vindharpe eller eolsharpe er eit gammalt strengeinstrument som bruker vind til å få fram klang.

Vindharpe ved Windharfe im Technikmuseum Universum i Bremen.
Vindharpe laga av diktaren Robert Bloomfield mellom 1812 og 1823.

Ei vindharpe kan ha ulike utformingar. Vanlegvis har ho rektangulær resonanskasse med lydhol og 5–12 senestrengar av samme tonehøgd og lengd, men med ulik tjukkleik og stramming. Når vinden set strengane i svingingar, kan ein høyra overtonane, og klangsammensetjinga varierer med til- og avtakande vindstyrke.

Prinsippet for vindharpe var kjend i det gamle Kina, India og i Mellomalder-Europa. I romantikken var instrumentet utbreidd over hele Europa. Det inspirerte ofte diktarar, mellom anna Samuel Taylor Coleridge som skreiv diktet «The Eolian Harp» i 1795.

Vindharpa har også inspirert komposisjonar på andre instrument, som klaverstykka «Vindharpe-slåtten» og «Vindharpe II» av Harald Sæverud, eller Aeolian Harp (1923) av Henry Cowell, eit av dei første stykkene der uvanlege speleteknikkar som å plukka eller slå direkte på pianostrengane blei brukt. Ein etyde av Sergej Ljapunov i 12 études d'exécution transcendante, Op. 11 No. 9, blei kalla Harpes éoliennes (vindharper) av komponisten. «Etyde nummer 1 i A-dur» (i 12 etydar, opus 25) av Frédéric Chopin blir ofte også kalla «Vindharpa».

I nyare musikk nytta mellom anna Jan Garbarek ei vindharpe, laga av Sverre Larssen etter antikke førebilde, på albumet Dis frå 1976.[1] Det er også blitt laga mange kunstnarisk utforma vindharper som er blitt sett opp ute i naturen eller ved ei vindkjelde som kunstverk med lyd.

Bilde endre

Sjå òg endre

  • Aiolos, vindguden harpa i nokre høve har namn etter

Kjelder endre

  1. Dagens plate: Norgeshistoriens beste plater: 83. plass. Morgenbladet (26. august 2011)
  • «Vindharpe» (22. juni 2012), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 5. april 2014.