Ei vindpølse, vindpose eller vaker er ein tøypose forma som ei avskoren kjegle nytta til å syne vindretning og relativ vindstyrke. Dei vert ofte nytta på flyplassar og ved kjemiske fabrikkar, der det er fare for gasslekkasjar. Stundom er dei òg sjå langs vindutsette strekk på bilvegar. Posen vert heist opp i ei mast eller flaggstong.

Vindpølse

Vindretninga er motsett retninga som vindpølsa peikar (sidan vindretning er den kompassretninga som vinden bles frå, ikkje mot), så ei vindpølse som peikar nordover indikerer sørleg vind. Vindstyrken er indikert av vinkelen til vindpølsa i høvet til stonga ho er festa til. I svak vind vil vindpølsa henge ned, medan ho i sterk vind vil stå ut horisontalt.

Ved mange flyplassar er vindpølsene lyssette om kvelden, anten av flaumlyse eller av ei lykt som lysar på stonga.

Sjå òg endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Vindpølse