Vinje kommune

kommune i Telemark fylke
«Vinje» omdirigerer hit. For andre tydingar av ordet, sjå Vinje (fleirtyding).


Vinje kommune er ein kommune i Telemark fylke. Kommunen ligg lengst nordvest i fylket og grensar i sør til Tokke, i aust til Tinn og Seljord, i nord til Nore og Uvdal i Buskerud og i vest til Bykle i Agder, Suldal i Rogaland og Odda, Eidfjord og Ullensvang i Vestland. Han er den einaste kommunen i Noreg som grensar til fire fylke. Kommunen har sine nåverande grenser frå 1964, då dei tidlegare kommunane Rauland og Vinje vart slegne saman.

Vinje kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Telemark
Adm.senter Åmot
Areal 3 106 km²
 - land 2 740 km²
 - vatn 366 km²
Folketal 3 851  (1. januar 2024)
Målform nynorsk
Ordførar Jon Rikard Kleven (Sp)
Kommunenr. 4036
Kart
Vinje kommune
59°48′05″N 7°46′45″E / 59.801389°N 7.779167°E / 59.801389; 7.779167
Wikimedia Commons: Vinje
Nettstad: www.vinje.kommune.no

Vinje er etter Rendalen den største kommunen i Sør-Noreg i høve flatevidd og han er til dømes større enn Vestfold fylke. Administrasjonssenteret i kommunen er Åmot. Lokalavisa er Vest-Telemark Blad, som kjem ut tre gonger i veka.

Geografi endre

 
Frå Ståvatn i Vinje.

Fleire dalar går gjennom Vinje i sør og aust, og i dalane er det rikeleg med skogsstrekningar. Den nordvestre delen av kommunen ligg i Hardangervidda, det meste av dette som ein del av Hardangervidda nasjonalpark. Kommunen har ein om lag 90 000 daa stor eigedom i nasjonalparken, Berunuten Vest, med seks hytter til bruk for alle som måtte koma forbi. Eigedomen vart kjøpt frå brukseigaren Treschow i Larvik i 1979.

Busetnaden i Vinje fylgjer dalane. Folketettleiken er låg, med om lag 1,2 innbyggjarar per km². Europaveg 134, fylkesveg 37 og fylkesveg 38 møtest ved kommunesenteret Åmot, som er den einaste tettstaden i kommunen. Elles er busetnaden i kommunen spreitt, men samlar seg til dels omkring Krossen i Rauland og Edland/Haukeligrend.

Opp mot fjellområda finst det fleire større vatn, mellom anna Møsvatn som er eitt av dei største vatna i Telemark. Møsstrond kyrkje er den høgstliggjande kyrkja i Noreg og ligg på øya Hovden i Møsvatn. Det høgste fjellet i Vinje er Vassdalseggi på 1658 moh., som ligg på grensa mot Rogaland. Vassdraga i kommunen har gjeve gode føresetnader for kraftutbygging.

Næringsliv endre

 
Bora er ei av mange elvar i Vinje som er bygd ut for utvinning av vasskraft.

Skog- og jordbruk med hald av husdyr er viktige næringar i kommunen. Vinje er den kommunen med flest hytter i Telemark, og mange vel å kombinere jordbruk med gardsturisme og utleige av hytter. Industrien i kommunen er liten og femner noko verkstad-, trevare- og møbel- og næringsindustri. Fleire av vassdraga i Vinje er utbygde, og fire kraftverk i kommunen har ein produksjon på kring 1,9 TWh i året.

Kommunen har i fleire år hatt god økonomi. I 2002 var frie inntekter per innbyggjar 33 478 kr, mot snittet i landet på 24 771 kr. Dette kjem i hovudsak av kraftinntekter frå Tokke-utbygginga på 60- og 70-talet. Innbyggjarane i kommunen nyt framleis godt av dette gjennom låge straumprisar. I tillegg er store fjellområde mot Hardangervidda utbygde av dampprosjekt som Songavatn og Møsvatn.

Den største arbeidsgjevaren i Vinje er kommunen, og attføringssenteret i Rauland er den største private arbeidsgjevaren. 39,4% av dei sysselsette jobbar i offentleg administrasjon. Skular i kommunen er Edland skule, Rauland skule, Vinje oppvekstsenter, Øyfjell oppvekstsenter, Åmot skule. Av andre viktige arbeidsgjevarar kan nemnast Qmatec Drilling.

Samferdsel endre

Fleire viktige vegar går gjennom kommunen, mellom anna Europaveg 134 frå Drammen til Haugesund, som er det sentrale sambandet mellom Aust- og Vestlandet sør for Hardangervidda. Vegen fylgjer dalføret til Vinjeåi frå Åmot og nordvestover. Riksveg 9 tek av frå Haukeli til Kristiansand. Frå Åmot tek fylkesveg 37 av nord mot Rauland-Rjukan og fylkesveg 38 sørover mot Dalen-Vrådal.

Kultur endre

 
Midtbø var heimen til forfattarane Halldis og Tarjei Vesaas frå 1934.

Krossen er sentrum i Rauland, og her har Raulandshuset og Rauland kunstmuseum samla verka til Dyre Vaa og Knut Skinnarland i to galleri. På Plassen i grenda Vinje står Vinjestoga, barndomsheimen til Aasmund Olavsson Vinje, og like attmed er det reist eit monument til minne om han. I Åmot står to monument av Halldis Moren Vesaas og Tarjei Vesaas.

I Smørklepp er fleire verk av Henrik Sørensen og Harald Kihle samla i galleriet Vinje Biletgalleri. Litteraturdagane i Vinje blir skipa til kvar september, og om vinteren trekkjer skistadene Rauland og Haukeli til seg turistar kvart år.

Kommunenamn og -våpen endre

Namnet Vinje stammar frå norrønt vin, som tyder eng. Ein person frå Vinje blir gjerne kalla ei vinbyggje (f), ein vinbygge (m) eller fellesnemninga vinbygg.

Kommunevåpenet vart godkjent ved kongeleg resolusjon den 16. november 1990 og har ein sølv geitebukk på blå grunn. Motivet symboliserer saue- og geitehald og høgfjellsnatur.

Kjende personar frå Vinje endre

 
Aasmund Olavsson Vinje

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

59°34′9.3″N 7°59′20.3″E / 59.569250°N 7.988972°E / 59.569250; 7.988972