Vinter-OL 2018, dei 23. olympiske vinterleikane, vart avvikla i tida 9. til 25. februar 2018 med byen Pyeongchang i Sør-Korea som arrangør.

Vinter-OL 2018

Vertsby Pyeongchang, Sør-Korea
Nasjonar 92
Øvingar 102
Idrettsgreiner 15
Opna 9. februar 2018, av Moon Jae-in
Eldtennar Kim Yuna
Avslutta 25. februar 2018
Utøvarar
Menn 1 680
Kvinner 1 242
Totalt 2 922
Dei olympiske vinterleikane
Sotsji 2014 Beijing 2022

Moglege søkjarland endre

Noreg endre

I Noreg var det tre arrangørar som konkurrerte om å bli den norske søkjarkandidaten. Desse var Trondheim, Tromsø og Oslo(/Lillehammer). 30. mars 2007 vedtok Idrettsstyret ved Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité at Tromsø skulle bli Noregs kandidat.

Røystinga gjekk føre seg i 2 rundar. I første runde fekk Tromsø seks røyster, Oslo fem røyster og Trondheim ei røyst. I andre runde var Trondheim utelukka, og både Tromsø og Oslo/Lillehammer fekk seks røyster. Idrettspresident Odd-Roar Thorsen stemte for Tromsø («bruka dobbeltrøyst») og avgjorde dermed avstemminga til fordel for Tromsø.

Dermed blei det opp til Stortinget om Noreg skulle søke OL til Tromsø i 2018.

I slutten av september 2008 blei det gjennomført ein kontrollrapport av Veritas. Rapporten viste at dei statlege utgiftene ville bli dobbelt så høge som arrangørane hadde budsjettert. Tromsø 2018 hadde sidan Brennpunkt-dokumentaren «Bak lukkede dører - spillet om et OL» den 19. februar 2008 slite med låg oppslutting i folket, og kultur- og kyrkjeminister Trond Giske sa at det var opp til idretten å bestemme skjebnen til OL. 6. oktober blei det vedteke at NIF skulle trekke søknaden om Tromsø som OL-kandidat. 9 av 12 representantar i idrettsstyret stemte for å trekke søknaden.

Europa endre

I Polen er Zakopane med Kraków og Sanok med Ustrzyki Dolne og Zagórze kandidatar. Zakopane var ein av kandidatane til OL i 2006. Nokon andre kandidatar: Vaduz (Liechtenstein); Østersund/Åre og Falun (Sverige); Gorenjska (Slovenia); Jaca (Spania); Alma Ata (Kasakhstan); Sofia (Bulgaria); Borjomi (Georgia); Stara Planina (Serbia).

Andre verdsdelar endre

I Tyrkia er Bursa ein kandidat; i Chile er Santiago ein kandidat; i Libanon er Bsharri ein kandidat.

Bakgrunnsstoff endre