Vintereik
Vintereik | |
Vintereik | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Utbreiinga av vintereik | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Overrekkje: | Landplantar Embryophyta |
Rekkje: | Karplantar Tracheophyta |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Bøkeordenen Fagales |
Familie: | Fagaceae |
Slekt: | Eikeslekta Quercus |
Art: | Vintereik Q. petraea |
Vitskapleg namn | |
Quercus petraea |
Vintereik (Quercus petraea) er eit tre i eikeslekta. Det er ein av to artar av eik som veks vilt i Noreg.
Skildring endre
I Noreg veks artane sommareik og vintereik vilt. Vintereika har det meste av visne lauvet hengande på over vinteren, til forskjell frå sommereika, som feller det meste av lauvet om hausten. Sommareika har svært kort bladstilk, men lang nøttestilk. Vintereik er motsett med lang bladstilk, men kort nøttestilk.
Treet dannar ofte hybridar med sommereik og får då latinsk nemning «Quercus × rosacea». Utsjånaden blir ein mellomting mellom dei to artane.
Blad endre
Blada er 7–14 cm lange og 4–8 cm breie. Dei er avlangt pæreforma med 5–6 flikar på kvar side. Oversida er blank mørkegrøn og lêraktig, undersida er mattere og ljosare.
Nøtter endre
Nøttene er ovale med ei lengd på 2–3 cm og ei breidd på 1–2 cm Dei er først grøne, men mognast til brune etter ca 6 mnd.
Utbreiing endre
Vintereik er utbreidd over det meste av Europa, frå atlanterhavskysten til europeiske Russland og frå Middelhavet til det sørlege Noreg. Treet er nasjonaltre i Wales.
Utbreiing i Noreg endre
Vintereika veks i tørr skog, i Noreg mest nær kysten lengst sør i landet, frå Halden kommune til Sula kommune, i innlandet nord til i Notodden kommune.
Bruk endre
Trevirket (alen) er hardt og varig, og er ettertrakta for bruk i møbel og til tønner. Tidlegare var det svært ettertrakta som skipstømmer. Det har òg høg brennverdi.
Galleri endre
-
Vintereik, lang stamme
-
Lang bladstilk og kort nøttestilk
Kjelder endre
- Johannes Lid og Dagny Tande Lid: Norsk flora Det Norske Samlaget 2005 ISBN 82-521-6029-9
Bakgrunnsstoff endre
- (no) vintereik hos Artsdatabanken
- (en) vintereik i Encyclopedia of Life
- (en) vintereik i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) vintereik hos Dyntaxa
- (en) vintereik hos ITIS
- (en) vintereik hos NCBI
- (en) vintereik hos The International Plant Names Index
- (en) vintereik hos Tropicos
- (en) Kategori:Quercus petraea – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Quercus petraea – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Quercus petraea – detaljert informasjon på Wikispecies