Violeta Szekely, fødd Beclea, (fødd 26. mars 1965) er ein rumensk tidlegare friidrettsutøvar frå Suceava fylke som vann sølvmedaljen på 1500 meter under OL 2000 og VM 2001.

Violeta Szekely
Statsborgarskap Romania
Fødd 26. mars 1965 (59 år)
Dolheștii Mari
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2000, Sommar-OL 1992

Aktiv endre

Szekely var den største favoritten til vinne 1500-meteren i Sommar-OL 2000 etter ein strålande sesong. Mellom anna vann ho GL-stemnet i Monaco på den sterke tida 3.58,2, hennar livs beste løp. I OL-finalen i Sydney vart ho stengd inne ved lista i siste sving og fekk ikkje fri løpebane før 80 meter frå målstreken, det viste seg å vere for seint til å innhente Nouria Merah-Benida.

Sesongen 2001 delte Szekely sigerspremien i GL-turneringa, då ho vann 1500 m i samtlege GL-stemne ho deltok i. I VM-finalen måtte ho likevel sjå seg klart slått av landslagskollega og hennar bitre rival, Gabriela Szabo. Szekely la opp etter 2002-sesongen.

Doping endre

Beclea testa positivt på steroidar i februar 1995 og der etter stengd ute frå friidrett i fire år.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre