Visions of Johanna

«Visions of Johanna»
Song av Bob Dylan
frå albumet Blonde on Blonde
Språk engelsk
Utgjeve 16. mai 1966
Innspelt 14. februar 1966
Sjanger Folkrock
Lengd 7:30
Selskap Columbia
Komponist Bob Dylan
Tekstforfattar Bob Dylan
Låtskrivar(ar) Bob Dylan
Produsent Bob Johnston

«Visions of Johanna» er ein song av Bob Dylan frå albumet Blonde on Blonde frå 1966. Songen vert av mange rekna som ein av dei beste Dylan-songane og Dylan sjølv har kalla songen ein av sine favorittar med ein «tynn, vill kvikksølvlyd»[1] Songen er rangert på 413. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene.

Det har vore mange spekulasjonar om kva songen handlar om. Mike Marqusee skildrar songen som Dylan si «definitive handsaming om det å vere stranda».

While my conscience explodes
The harmonicas play the skeleton keys and the rain
And these visions of Johanna are now all that remain

Bob Dylan

Songen heitte opphavleg «Seems Like a Freeze Out» og tidlege innspelingar frå New York finst på bootlegplater. Desse har mykje raskare tempo og eit femte vers med ei anna tekstlinje. To versjonar i seinare tempo vart spelte inn i New York, ein med ein marsjliknande takt (som finst på No Direction Home-soundtracket) og ein annan med eit meir vanleg tempo. Den endelege plateutgåva vart spelt inn i Nashville.

Det finst to konsertutgåver av songen frå 1966 på plate. Ein av dei på Biograph i 1985 og ein annan frå Manchester Free Trade Hall-konserten, som finst på fjerdevolumet av Bootleg Series.

Norske versjonar endre

Det er skrive to norske tekstar til songen. Den førte vart skriven av Jan Erik Vold og kalla «Syner av Joanna». Denne vart framført av Jan Erik Vold, Kåre Virud og Telemark Blueslag på albumet Stein. Regn i 1981.

Ein nynorsk tekst vart skriven og framført av Tom Roger Aadland på albumet Blondt i blondt i 2016. Denne songen heitte «Visjonar av Johanna».

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre