Vitskap i 1909
Vitskapsåret 1909 er ei oversikt over hendingar, prisvinnarar, fødde og døde personar tilknytte vitskap i 1909.
Vitskapsår |
1907 | 1908 | 1909 | 1910 |1911 |
Kategoriar |
Hendingar endre
Arkeologi endre
- Charles Walcott oppdaga Burgess Shale.
Astronomi endre
- Det første fotografiet av Halleys komet vart teke.
Fysikk endre
- Albert Einstein og Albert Grossman byrja å utvikle ein teori som knyt saman ein metrisk tensor med gravitasjonen.
- Ernest Rutherford skaut mot ein tynn folie med alfapartiklar med det resultatet at dei fleste passerte igjennom, men ein del vart reflektert. Av eksperimentet vart konklusjonen at atoma har ein positiv kjerne.
Geologi endre
- Ernest Shackletons ekspedisjon fann den magnetiske sørpolen.
Medisin endre
- Karl Landsteiner utvikla eit system av blodtypar.
Teknologi endre
- Leo Baekeland presenterte plasten bakelitt.
- Louis Bleriot vart den første til å fly over Den engelske kanalen med ein farkost som er tyngre enn luft.
Prisvinnarar endre
Fødde endre
- 5. januar - Stephen Cole Kleene, amerikansk matematikar (død 1994).
- 22. mars - Nathan Rosen, israelsk fysikar (død 1995.
- 13. april - Stanislaw Marcin Ulam, polsk matematikar (død 1984).
- 22. april - Rita Levi-Montalcini, italiensk biolog, nobelprisvinnar 1986.
- 7. mai - Edwin Land, amerikansk oppfinnar og grunnlegger av Polaroid (død 1991).
- 4. august - Saunders MacLane, amerikansk matematikar (død 2005).
- 24. november - Gerhard Gentzen, tysk matematikar (død 1945).
- Giulio Racah, israelsk matematikar og fysikar (død 1965).
Døde endre
- 8. januar - Harry Govier Seeley, britisk paleontolog, mottakar av Lyellmedaljen 1885 (fødd 1839).
- 12. januar - Hermann Minkowski, tysk matematikar (fødd 1864).
- 11. juli - Simon Newcomb, canadisk astronom og matematikar (fødd 1835).
- 27. august - Emil Christian Hansen, dansk mykolog (fødd 1842).