Vitus Jonassen Bering (august 168119. desember 1741) var ein danskfødd sjøoffiser og oppdagar for Russland. Han var kaptein-kommandør i den russiske marinen, der han var kjend under namnet Ivan Ivanovitsj.

Vitus Bering

Eit portrett som tradisjonelt har vore rekna for å vere av Bering.
Statsborgarskap Kongeriket Danmark, Det russiske imperiet
Fødd 5. august 1681
Horsens
Død

8. desember 1741 (60 år)
Beringøya

Yrke oppdagar, hydrograf, marineoffiser, sjøfarer
Språk dansk
Ektefelle Anna Bering
Vitus Bering på Commons

Liv og gjerning endre

Bering var fødd i HorsensJylland. Etter ei reise til Karibia blei han med i den russiske marinen i 1703, og deltok i den store nordiske krigen i Austersjøen og i krigen mellom Russland og Tyrkia i Azovsjøen. Han gifta seg med ei russisk kone og vitja heimbyen sin ein siste gong i 1715.

Som ledd i den store russiske utforskinga av det nordlege Asia drog Bering til Kamtsjatka i 1725. Der bygde han eit skip, «Sviatoi Gavriil» ('heilage Gabriel'), og sette ut med det i 1728 til han ikkje lenger kunne sjå land i nord, og heller ikkje noko i aust. Det neste året gjorde han ei ny reise der han leita etter fastland i aust, og fann Ratmanovøya, som Semjon Dezjnev tidlegare hadde oppdaga.

I 1730 drog Bering så tilbake til St. Petersburg. I løpet av den lange reisa døydde fem av barna hans, og Bering blei sjølv òg alvorleg sjuk. Han fekk eit nytt utforskingsoppdrag, og drog tilbake til Okhotsk på Kamtsjatka i 1735. Han fekk bygd to nye skip, «Svjatoj Pjotr» (heilage Peter) og «Svjatoj Pavel» (heilage Paulus). I desse drog han til Petropavlovsk, der han grunnla ei busetjing, og vidare mot Amerika i 1741. Dei to skipa blei skilde i eit uvêr. Skipet til Bering kom til Kajakkøya, der dei kunne sjå fastlandet Alaska. Det andre skipet, leia av Aleksei Tsjirikov, fann Aleksander-øyriket i Alaska.

Dårleg vêr gjorde at Bering snart måtte dra tilbake. Ekspedisjonen oppdaga nokre av Aleutane, der dei måtte gravlegga ein av sjømennene. Sjumaginøyane er kalla opp etter han. Også Bering var blitt sjuk, og då han ikkje kunne styra skipet lenger, søkte dei ly på ei av Kommandørøyane. Her døydde Vitus Bering, saman med 28 av mannskapet. Øya er blitt kalla Beringøya etter oppdagaren. Beringsundet og Beringhavet har òg fått namn etter han.

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Vitus Bering