Vivestad er ei bygd og eit sokn i Tønsberg kommune i Vestfold fylke. Bygda ligg 30 km nord for Tønsberg sentrum og 10 km sør for Hof langs fylkesveg 312 (Vivestadlinna).

Vivestad
stad
Land  Noreg
Fylke Vestfold
Kommune Tønsberg
Kart
Vivestad
59°25′49″N 10°08′02″E / 59.4301788°N 10.1339763°E / 59.4301788; 10.1339763
Vivestad kyrkje.

I Vivestad ligg fotballbanen Kjærsmyra og Bygdehuset Sagatun som blant anna blir brukt av eit aktivt idrettslag og ungdomslag.

I august kvart år arrangerer laga i Vivestad ein haustmarknad. Vivestad Høstmarked tek kvart år imot rundt 6500 menneske. Myrafestivalen blir også arrangert i Vivestad i mai kvart år.

Landskapet er dominert av skogkledde åsar vekslende med nord-sørgåande daldrag med marin leire i dalfyllingane. Berggrunnen består hovudsakleg av dagbergartane i Oslofeltet. Næringslivet i Vivestad er dominert av jord- og skogbruk. I perioden 2001-2010 hadde Vivestad ein folkevekst på 6 %, mot 10 % for kommunen som heilskap.

Vivestad kyrkje er ei trekyrkje frå 1914. Til kyrkja høyrer altartavle, preikestol og døypefont frå 1600-talet.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre