Vivian Jepkemoi Cheruiyot (fødd 11. september 1983) er ein kenyansk friidrettsutøver som tevlar på langdistansane 5 000 m og 10 000 m. I tida 2007-12 vann ho tre VM-gull, to OL-medaljar og ein VM-sølv.

Vivian Cheruiyot

Vivian Cheruiyot under friidretts-VM 2011
Statsborgarskap Kenya
Fødd 11. september 1983 (40 år)
Keiyo District
Yrke langdistanseløpar, friidrettsutøvar
Språk engelsk
Høgd 154 centimeter
Nettstad http://www.viviancheruiyot.com/
Vivian Cheruiyot på Commons

Aktiv endre

Cheruiyot deltok i VM i friidrett 2007 i Osaka, der ho vann sølvmedaljen på 5 000 m, like bakom vinnaren Meseret Defar frå Etiopia. Under IAAF-finalane same året vann 5 000-meteren og vart nummer to på 3 000 m. Året etter kom ho på femteplass på 5 000 meter då Sommar-OL 2008 vart arrangert i Beijing.

Ved VM i friidrett 2009 i Berlin vart Cheruiyot verdsmeister på 5 000 meter, ein prestasjon ho gjentok i den neste verdsmeisterskapen, VM i friidrett 2011 i Daegu, der ho også vann milløpet. Sommaren 2011 gjorde ho sitt livs raskaste 5 000-meter då ho på Stockholms stadion vart klokka inn på 14,20,8, ny kenyansk rekord. Under Sommar-OL 2012 i London tok ho bronsemedaljen på 10 000 meter, med ny personleg rekord på 30.30,4.

Kjelder endre