Vladimir Jevgenjevitsj Krutov (1. juni 19606. juni 2012) var ein russisk ishockeyspelar frå Moskva.

Vladimir Krutov
Fødenamn Владимир Евгеньевич Крутов
Statsborgarskap Sovjetunionen
Fødd 1. juni 1960
Moskva
Død

6. juni 2012 (52 år)
Moskva

Idrett ishockey
Tok del i

Vinter-OL 1988, Vinter-OL 1984, Vinter-OL 1980

Utmerkingar

Æresordenen, Arbeidets røde fanes orden, Ordenen folkenes vennskap, Medaljen for utmerket arbeid, Idrettens mester i Sovjetunionen, Medal "For Impeccable Service", 3rd class

Krutov var frå 1980 til 1989 venstreving i angrepsrekka på det sovjetiske landslaget i ishockey og åra 1977-89 på klubblaget CSKA Moskva. Han vart olympisk meister to gongar og vann seks verdsmeisterskap med Sovjetunionen i tida 1981-89. Krutov utgjorde saman med Igor Larionov og Sergej Makarov førsterekka på det sovjetiske landslaget, kalla KLM-rekka.

Frå 1989 til -90 spela Krutov på Vancouver Canucks, deretter 1990-92 på Zürcher SC i Sveits og sidan på svenske Östersunds IK 1992-95 og Brunflo IK 1995-96.

Han døydde 6. juni 2012 på eit sjukehus i Moskva av indre blødningar og leversvikt som følgje av ein bilulykke 4. juni 2012.

OL-medaljar endre

Kjelder endre