Vogelberg er eit 3 218 moh høgt fjell i Dei lepontinske Alpane, på grensa mellom kantonane Ticino og Graubünden. Det er den høgaste toppen i Dei lepontinske Alpane sør for Rheinwaldhorn. Vogelberg er eit stort bredekt massiv med fleire mindre toppar: Pizzo Cramorino (3 134 moh) på vestsida og Rheinquellhorn (3 200 moh) på austsida. På nordsida ligg Paradiesbreen som er kjelda til Hinterrhein. Sørsida ligg oppfor dalen Malvaglia (Ticino) og er brattare og utan brear.

Vogelberg
fjell
Det snødekte massivet Vogelberg (høgre) frå Hinterrhein
Land  Sveits
Fjellkjede Dei lepontinske Alpane
Høgd 3 218 moh.
Primærfaktor 303 m ↓  mot Rheinwaldhorn
Koordinatar 46°28′41.9″N 9°3′54.6″E / 46.478306°N 9.065167°E / 46.478306; 9.065167
Kart
Vogelberg
46°28′42″N 9°03′55″E / 46.478305555556°N 9.0651666666667°E / 46.478305555556; 9.0651666666667
Plasseringa i Sveits
Plasseringa i Sveits
Plasseringa i Sveits

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre