Volhynia omfattar den historiske regionen i det vestlege Ukraina mellom elvane Pripyat og vestlege Bug, nord for Galizia og Podolia. Området har svært gammal slavisk folkesetnad, og det var før òg mange jødiske shtetlar der.

Etter 1500-talet var Volhynia ein del av Polen-Litauen. I denne perioden slo polakkar og jødar seg ned der. Katolikkane tok med makt over ein del av dei ortodokse kyrkjene i området. Etter den tredje polske delinga vart Volhynia ein del av det russiske imperiet. Det var heilt til første verdskrigen den mest rurale provinsen i den vestlege delen av Russland.

I 1921, etter den polsk-sovjetiske krigen, vart Volhynia delt mellom Polen og Sovjet-Russland. Polen tok den største delen.

I 1935-1938 gjennomførte Stalin ein deportasjon av polakkane i Aust-Volhynia – dette var den første etniske deportasjonen i Sovjetunionen si historie.

I 1939 vart heile Volhynia overført til Sovjetunionen som del av Molotov-Ribbentrop-pakta. Den tyske minoriteten i området flytta no til polske område tekne over av nazistane. Etter det tyske åtaket på Sovjetunionen vart jødar og polakkar offer for etniske reinsingar gjennomført av nazistane og den ukrainske opprørshæren UPA.

Volhynia vart verande ein del av Sovjetunionen etter andre verdskrigen. Dei fleste attverande polakkane vart repatrierte til Polen i 1945. Sidan Sovjetunionen vart oppløyst, er Volhynia no ein del av det sjølvstendige Ukraina.