Voll i Rauma

tidlegare kommune i Møre og Romsdal fylke i Noreg

Voll er ein tettstad i Rauma kommune i Møre og Romsdal fylke. Voll var tidlegare òg ein kommune. Tettstaden har 500 innbyggjarar per 1. januar 2023 og ligg nedst i Måndalen, ved Vollabukta i Romsdalsfjorden. Elva Måna renn ut i fjorden her.

Voll
tettstad
Land  Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Kommune Rauma
Areal 0,72 km²
Folketal 500  (2023)
Folketettleik 694 / km²
Postnummer 6386 MÅNDALEN
Kart
Voll kommune
62°31′42″N 7°26′20″E / 62.528333°N 7.438889°E / 62.528333; 7.438889

Her ligg Voll kyrkje frå 1896.

Voll kommune endre

Frå 1837 var Voll del av Eid og Voll formannskapsdistrikt.

1. januar 1874 vart området deld i to, og Voll vart eigen kommune med 695 innbyggjarar. 1. januar 1965 vart Voll slege saman med Eid, Grytten, Hen og det meste av Veøy kommunar til den nye Rauma kommune. Ved samanslåinga hadde Voll 1163 innbyggjarar.

Folketalsutvikling endre

Folketalsutvikling for tidlegare Voll kommune frå 1874 til 1964:

1875[1] 1900[1] 1.12.1920[2] 1.12.1930[3] 3.12.1946[3] 1.1.1951[4] 1.1.1961[4] 1.1.1964[5]
973 1014 969 952 1105 1086 1172 1163

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 "Hjemmehørende folkemengde Møre og Romsdal 1801-1960 Arkivert 2007-02-23 ved Wayback Machine. frå Registreringssentral for historiske data, vitja 1. september 2010
  2. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  3. 3,0 3,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  4. 4,0 4,1 Folkemengd i Voll 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
  5. Dag Juvkam, Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen (SSB, 1999)
  Denne geografiartikkelen som har med Møre og Romsdal å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.