Volund smed, Velant, Wayland er namnet på ein segngjeten smed, hovudpersonen i Volundarkvida og ei lang rekkje andre segner og fornaldertekster frå Nordvest-europa. Volund er og hovudpersonen i eit skodespel av diktaren Holger Drachmann. Bilete av smeden Volund finst og i fleire utgåver frå det angelsaksiske England. Han har soleis vore ein sentral segnfigur.

Volundkvedet endre

Volund er på veiding i lag med brørne sine, Slagfinn og Egil. Dei er skildra som søner av finnekongen. I skogen finn dei tre møyar, Valkyrjer i somme utgåver, og dei tre stel fjørhamene deira. To av dei var døtrer av kong Lodve: Ladgunn svankvit og Hervor Alvit. Den tredje var Olrun, dotter av kong Kiar i Valland. Egil tok Olrun, Slagfinn tok Ladgunn, og Volund tok Hervor. Dei levde saman i Ulvdalane i sju år. Etter denne tida tok dei tre jentene av på hærferd og kom ikkje att. Egil og Slagfinn reiste i veg etter kvar sin, medan Volund var att i Ulvdalane.

Kong Nidud "njaradrotten" (kongen i Närike), tek sidan Volund til fange og tving han til å smi for seg. Volund er den hagaste av smedar. I fangenskapen får Volund kappa senene på både føtene og lyt krype på knea. Som hemn syter han for at sønene til kongen blir drepne, og valdtek Bodvild, dotter til kongen. Sidan lagar han ein fjørham og reiser sin veg.

Gamalengelske kjelder endre

I det angelsaksiske diktet Déor er det fortald same soga, korleis Nithad vart sviken av Volund, og korleis Beadohild, dotter hans, vart med barn. I Béowulf kjem det fram at det er Volund som har smidd brynja til helten. Den angelsaksiske helten Waldere seier sameleis at det er Volund som har smide sverdet hans. I England finst og ein stad som er kalla Wayland´s Smithy. Dette er ein gravhaug nær Oxford.

Didriks Saga endre

Didriks Saga fortel meir om følgjene av Volunds verk. Her er det fortald at Bodvild vart mor til helten Vidrik Verlandsson, som var i teneste hjå Didrik av Bern.

Nyare bruk endre

Holger Drachmann skreiv eit lengre skodespel over segna om Volund. Seinare har òg J.R.R. Tolkien arbeidd med stoffet, og knyter han saman med segnene om Eärendil.

Kjelder endre

  • Volundarkvida
  • Déor