Volunteers
Studioalbum av Jefferson Airplane
Språk engelsk
Utgjeve November 1969
Innspelt 28. mars til 12. juni 1969[1]
Studio Wally Heider Studios i San Francisco
Sjanger Psykedelisk rock, acidrock, folkrock
Lengd 44:19
Selskap RCA Victor
Produsent Al Schmitt
Jefferson Airplane-kronologi 
Bless Its Pointed Little Head
(1969)
Volunteers The Worst of Jefferson Airplane
(1970)


Volunteers er eit album frå 1969 av det amerikanske psykedeliske rockebandet Jefferson Airplane. Det var kontroversielt då det kom ut på grunn av antikrigsmeldingane i enkelte av songane. Den originale tittelen skulle opphavleg vere Volunteers of America, men etter press frå RCA Records vart namnet endra.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4/5 stars[2]
Robert Christgau(B)[3]
Rolling Stone(positiv)[4]
The Rolling Stone Record Guide[5]5/5 stars

Historie endre

Det var det sjette albumet til bandet og det første som vart spelt inn berre i San Francisco, i Wally Heider sitt då toppmoderne 16-spors studio. Av gjester på albumet finn ein Jerry Garcia på pedalsteelgitar, pianist Nicky Hopkins, framtidig Airplane-trommis Joey Covington på perkusjon, David Crosby og Stephen Stills. Det var ei av dei første 16-sporsinnspelingane.

Albumet var prega av sterke antikrigs- og anarkisongar. Tema som natur, samfunn og økologi vart òg utforska på songane «The Farm» og «Eskimo Blue Day». Tittelsporet var faktisk inspirert av ein «Volunteers of America»-søppelbil som vekte songaren Marty Balin ein morgon. Albumet skapte ytterlegare kontrovers med tekstlinjer som «Up against the wall, motherfucker» (frå songen «We Can Be Together») som opna songen, og «shit» vert nemnd fleire gonger på «Eskimo Blue Day». Musikalsk var albumet prega av den sylskarpe sologitaren til Jorma Kaukonen (duellsoloen på «Hey Fredrick», samt «Good Shepherd» og «Wooden Ships») og den særeigne pianospelinga til Nicky Hopkins. Bandet prøver seg òg på countryrock på songane «The Farm» og «Song For All Seasons».

Trass i kontroversane vart albumet ein salssuksess for bandet og det fjerde albumet på rad på Topp 20. Det selde til gullplate to månader etter det kom ut.[6]

Dette skulle verte det siste albumet til grunnleggaren av Jefferson Airplane, Marty Balin og trommeslagar Spencer Dryden, så det vart rekna som slutten på den «klassiske» besetninga. Det var òg det siste albumet på to år, sidan Jack Casady og Jorma Kaukonen kom til å nytte meir tid på bluesgruppa Hot Tuna, medan Paul Kantner og Grace Slick fødde dottera China i 1971.

Ein kvadrofonisk miks (4 kanalar) av albumet kom ut i 1973. Desse miksane er merkbart forskjellige frå dei vanlege stereomiksane. «Hey Fredrick» nyttar eit anna vokalopptak, «Volunteers» er ein heilt annan song, og «The Farm» har korvokal av the Ace of Cups langt framme i miksen.

I 2003 vart albumet rangert på 370. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 største albuma gjennom tidene, men vart i 2012 flytta tre plassar ned til 373. plassen.

Innhald endre

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd kvadrofonisk miksLengd
1.«We Can Be Together»Paul Kantner5:565:48
2.«Good Shepherd»tradisjonell, arrangert av Jorma Kaukonensame mix4:21
3.«The Farm»Kantner, Gary Blackman2:323:15
4.«Hey Fredrick»Grace Slick9:008:26
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd kvadrofonisk miksLengd
1.«Turn My Life Down»Kaukonensame miks2:54
2.«Wooden Ships»David Crosby, Kantner, Stephen Stills5:506:24
3.«Eskimo Blue Day»Slick, Kantner6:156:31
4.«A Song for All Seasons»Spencer Drydensame miks3:28
5.«Meadowlands»tradisjonell, arrangert av Slick, Kantnersame miks1:04
6.«Volunteers»Marty Balin, Kantner2:212:08
Bonusspor på 2004-utgågva
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
11.«Good Shepherd» (live)traditional, arranged by Kaukonen7:20
12.«Somebody To Love» (live)Darby Slick4:10
13.«Plastic Fantastic Lover» (live)Balin3:21
14.«Wooden Ships» (live)Crosby, Kantner, Stills7:00
15.«Volunteers» (live)Balin, Kantner3:26

Medverkande endre

Andre medverkande endre

Produksjon endre

  • Al Schmitt – produsent
  • Rich Schmitt – lydteknikar
  • Maurice (Pat Ieraci) – 16-spor
  • Gut – albumdesign
  • Milton Burke – albumdesign
  • Jefferson Airplane – albumdesign
  • Jim Marshall – foto på framsida
  • Jim Smircich – foto på baksida
  • Herb Greene– foto

Salslister endre

Album

År Liste Plassering
1969 Billboard Pop Albums 13

Singlar

År Singel Liste Plassering
1969 «Volunteers» Billboard Pop Singles 65

Kjelder endre

  1. «Jefferson Airplane--Volunteers». Discogs. Henta 10. juni 2019. 
  2. Newsom, Jim (2011). «Volunteers - Jefferson Airplane | AllMusic». allmusic.com. Henta 9. august 2011. 
  3. Christgau, Robert (2011). «Robert Christgau: CG: Jefferson Airplane». robertchristgau.com. Henta 10. juni 2019. 
  4. Ward, Ed (21. februar 1970). «Records». Rolling Stone (San Francisco: Straight Arrow Publishers, Inc.) (52): 46. Arkivert frå originalen 29. august 2017. Henta 30. juni 2017. 
  5. Marsh, Dave; Swenson, John (Editors). The Rolling Stone Record Guide, 1st edition, Random House/Rolling Stone Press, 1979, p. 190, 599.
  6. «Gold & Platinum - March 19, 2010». RIAA. Henta 10. februar 2011.