Voyager 1 er ein ubemanna romsonde som er send ut for å utforske det ytre solsystemet. Romsonden vart skoten opp den 5. september 1977 og er framleis i funksjon. Romsonden er no det fjernaste menneskeskapte objektet frå jorda. Avstanden til sola passerte «milepålen» 100 astronomiske einingar (AU) den 15. august 2006, noko som tilsvarar omtrent 15 milliardar kilometer. Voyager 1 har no nådd ytterkantane av solsystemet, eit enormt område der sola sin innverknad vert etterstatta av interplanetært rom.

Kunstnarisk framstilling av Voyager 1
Voyager 1 under oppskytinga den 5. september 1977.

Historie endre

Meininga var at Voyager 1 skulle vere ein del av Mariner-prosjektet som Mariner 11, og var designa for å kunne nytte seg av gravitasjonsfeltet rundt ein planet, slik som Mariner 10 gjorde det. Eit ambisiøst prosjekt, kalla Planetary Grand Tour, var å besøke 5 av planetane lengst unna sola med ubemanna romsondar. Det ville oppstå eit slikt høve i 1970 då desse planetane stod nær kvarandre til å vitjast samtidig, eit høve som ikkje ville kome igjen før etter 170 år. Budsjettkutt hos NASA gjorde at prosjektet vart redusert. Dei endelege måla for vart planetane Jupiter og Saturn, samt månane rundt.

Utforsking endre

Jupiter endre

Voyager 1 er den første romsonden som vitja planeten Jupiter. Den byrja fotograferinga av planeten i januar 1979 og heldt på fram til april same året. Av ei rekkje nyoppdagingar som vart gjort var svovelvulkananemånen Io. Gravitasjonsfeltet rundt planeten vart nytta for å auke farten samtidig som sonden sette kurs mot planeten Saturn.


Saturn endre

Voyager 1 kom fram til planeten Saturn i november 1980. Dermed vart romsonden den første til å vitje også denne planeten. Romsonden oppdaga komplekse strukturar i ringane rundt Saturn, og studerte atmosfæren på månen Titan, som var spesielt utplukka for ei nærflyging. Voyager 1 sende òg bilete av andre av månane rundt Saturn, mange av dei oppdaga for fyrste gong.

Voayger 1 sin noverande posisjon er i stjernebiletet Slangeberaren. Ein ein reknar med at instrumenta i romsonden vil vare til rundt 2020, då er det ikkje lenger nok kraft til å drive noko av utstyret.