Vulcano er ei lita vulkansk øy i Tyrrenhavet. Ho høyrer til Dei eoliske øyane om lag 25 km nord for Sicilia i Italia. Ho har eit areal på 21 km², er 499 meter på det høgaste og inneheld fleire vulkan krater, inkludert ein av fire aktive vulkanar på land i Italia. Namnet på øya har gjeve opphav til ordet «vulkan».

Vulcano
Geografi
Stad Tyrrenhavet
Koordinatar 38°24′00″N 14°58′00″E / 38.40000°N 14.96667°E / 38.40000; 14.96667
Øygruppe Dei eoliske øyane

Areal 21 km²

Høgaste punkt Vulcano (499 moh.)

Administrasjon
Land Italia
Region
Provins
Sicilia
Messina

Demografi
Folketal 470 (2005)
Folketettleik 22 /km²

Mytologi endre

Den greske vindguden Aiolos skal ha budd på denne øya. Namnet på Dei eoliske øyane kjem frå Aiolos. Romarane trudde at Vulcano var skorsteinen til guden Vulcanus sin verkstad. Øya voks med tida på grunn av soke frå smia hans. Jordskjelv som oppstod før og i lag med utbrota meinte ein var Vulcanus som smidde våpen for Mars og hæren hans. Det vart òg sagt at verkstaden hans var på anten Etna eller Olympos (Ólymbos).[1]

Historie endre

I gresk antikk var øya kalla Hierà. Det romerske namnet på øya Vulcano har gjeve opphav til ordet «vulkan» i dei fleste europeiske språk. Romarane brukte øya hovudsakleg for råstoff, og høgde ned skog og dreiv gruvedrift etter alun og svovel. Dette var hovudnæringa på øya fram til slutten av 1800-talet.

 
Gran Cratere. Ein kan få inntrykk av storleiken ved å sjå på turisten som er synleg nær senteret av krateret.

Då huset Bourbon sitt styre kollapsa i 1860 kjøpte briten James Stevenson den nordlege delen av øya og bygde ein villa. Han opna dei lokale gruvene og planta vinranker for druer, som seinare skulle nyttast til å lage malvasiavin. Stevenson budde på Vulcano fram til det siste store utbrotet på øya i 1888. Dette utbrotet varte i nærare to år, og då det var ferdig hadde Stevenson seld alle eigedomane sine til lokale innbyggjarar og kom aldri tilbake att. Villaen står framleis.

I dag bur det om lag 470 innbyggjarar på øya, som hovudsakleg arbeider i turistnæringa. Dei fleste innbyggjarane held til i Vulcano Porto nord på øya. Det finst også mindre busetnader i Vulcano Piano og Vulcanello. Øya ligg nokre minutt med hydrofoil frå Lipari og har fleire hotell og kaféar. Viktige attraksjonar er strendene, varmekjeldene og svovelgjørmebada.

Geologi endre

Den vulkanske aktiviteten i området kjem stort sett av at den afrikanske plata går nordover og møter den eurasiske plata. Det er tre vulkansenter på øya. På sørenden står det gamle kjegler etter ein stratovulkan, Monte Aria (500 moh.), Monte Saraceno (481 moh.) og Monte Luccia (188 moh.), som delvis har kollapsa inn i kalderaen Il Piano.

Det siste aktive senteret er Gran Cratere på toppen av Fossa-kjegla. Her har det vore minst sju store utbrot dei siste seks tusen åra. Nord på øya ligg Vulcanello, 123 moh. Det og er forbunde til resten av øya via eit eid, som vert overfløymd i dårleg vêr. Denne delen av øya steig opp frå havet under eit utbrot i 183 f.Kr. som ei eiga øy. Fleire utbrot frå dei tre kjeglene med både pyroklastiske straumar og lava oppstod fram til 1550. Det siste utbrotet skapte den smale landtunga som gjer at ho heng saman med resten av Vulcano.

Typen av utbrot som ein såg frå Fossa vert kalla eit vulkansk utbrot, med eksplosive utslepp av pyroklastiske fragment med viskøs magma. Vulcano har halde seg roleg sidan utbrotet til Fossa 3. august 1888 til 1890. I november 2021 blei likevel 150 menneske evakuerte frå hamna på øya på grunn av auka vulkansk aktivitet og gass. Det blei sendt ut ei gul faremelding i oktober 2021 etter fleire viktige endringar i dataa frå vulkanen.[2]

I kulturen endre

Ein asteroide er kalla opp etter øya, 4464 Vulcano.[3]

Galleri endre

Fotnotar endre

  1. Vulkanar i mytologien
  2. Tondo, Lorenzo (21. november 2021). «Italian island of Vulcano orders partial evacuation after increased activity». The Observer. 
  3. «M.P.C. 26762 del 5 marzo 1996» (PDF). www.minorplanetcenter.net. Henta 12. oktober 2022. 
  • Denne artikkelen bygger på «Vulcano» frå Wikipedia på engelsk, den 31. oktober 2007.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
      • Ezio Giunta, dir. (2005). «Vulcano». Estateolie 2005*The Essential Guide (English version of Tourist Guidebook): 80-87. 

Bakgrunnsstoff endre