Vulkanen Osorno

vulkan i Chile
(Omdirigert frå Vulkanen Osorno)

Osorno er ein 2 652 meter høg, kjegleforma stratovulkan som ligg mellom Osorno-provinsen og Llanquihue-provinsen i Los Lagos-regionen i Chile. Han ligg på søraustbreidda av Llanquihuesjøen, og tårnar òg over Todos los Santos-sjøen. Osorno er kjend som eit symbol for det lokale landskapet og likskapen til Fuji-fjellet.

Osorno
vulkan
Osorno i 1993
Land  Chile
Fjellkjede Andes
Høgd 2 652 moh.
Koordinatar 41°06′S 72°29′W / 41.100°S 72.483°W / -41.100; -72.483
Vulkantype Stratovulkan
Siste utbrot 1869[1]
Lettast tilkomst fjellklatring
Førstestiging Jean Renous
Kart
Osorno
41°06′00″S 72°29′35″W / 41.1°S 72.493055555556°W / -41.1; -72.493055555556
Wikimedia Commons: Volcan Osorno

Osorno er ein av dei mest aktive vulkanane i dei sørchilenske Andesfjella, med 11 historiske utbrot mellom 1575 og 1869. Lavastraumar av basalt og andesitt frå desse utbrota har nådd både Llanquihue- og Todos los Santos-sjøen. Den øvre fjellsida av vulkanen er nesten heilt dekt av isbrear, trass i moderat høgd og breiddegrad. Årsaka til at isbreane vert opprettheldt er ein god del snø gjennom vinteren på grunn av det fuktige, maritime klimaet i regionen.

Osorno ligg over ein 250 000 år gammal erodert stratovulkan, La Picada, med ein 6 km vid kaldera.[2]

Galleri endre

Mal:Panorama

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre