Ein vulkanvinter er eit temperaturfall skapt av vulkansk oske og dropar med svovelsyre etter eit eksplosivt vulkanutbrot. Dette gjer at solinnstrålinga vert redusert og albedoen til jorda aukar slik at meir av solstrålinga vert reflektert ut i verdsrommet. Langvarige nedkjøling er i houvdsak avhengig av svovelstoff i form av aerosolar i den øvre atmosfæren—stratosfæren—det høgaste, minst aktive nivået av den lågare atmosfæren med lite nedbør som fjernar partiklane frå atmosfæren. Aerosoloane brukar derfor lang tid før dei forsvinn.

Historiske vulkanvintrar endre

 
Pinatubo-utbrot i 1991

Dei siste vulkanvintrane som har oppstått har vore på liten skala, men har likevel hatt stor innverknad.

Klimaendringa i 535-536 kan ha vore knytt til eit vulkanutbrot.

Den store hungersnauda i 1315-1317 i Europa kan ha kome som følgje av eit vulkanutbrot.[1] kanskje KaharoaNew Zealand som varte i om lag fem år.[2]

I 1452 eller 1453 førte eit katastrofalt utbrot frå den undersjøiske vulkanen Kuwae til at klimaet over heile verda vart påverka.

I 1600 hadde Huaynaputina i Peru utbrot. Årringar har vist at 1601 var kald. Russland hadde den verste hungersnauda si nokon gong frå 1601 til 1603. Frå 1600 til 1602 hadde Sveits, Latvia og Estland særs kalde vintrar. Innhaustinga av vindruer i Frankrike, Peru og Tyskland slo feil. Ferskentrea blømde seint i Kina og Suwasjøen i Japan fraus til tidleg.[3]

Ein artikkelen skriven av Benjamin Franklin i 1783 gav vulkansk oske frå Island skulda for den uvanleg kalde sommaren i 1783. Vulkanen Laki hadde utbrot og gav ut enorme mengder svoveldioksid, som førte til at dei fleste husdyra på Island døydde etterfølgd av ein katastrofal hungersnaud som tok livet av ein fjerdedel av innbyggjarane. Temperaturen på den nordlege halvkula fall med om lag 1 °C året etter Laik-utbrotet. Utbrotet førte til uvanlege klimatilhøve i Europa og Nord-Amerika.

Tamborautbrotet i 1815, ein stratovulkan i Indonesia, førte til frost på sommaren 1816 i fleire land og det snødde i juni i New England og Newfoundland og Labrador i Canada. 1816 er vorte kalla «året utan sommar».

I 1883 eksploderte Krakatoa og skapte vulkanvinterliknande tilhøve. Dei neste fire åra etter eksplosjonen var det uvanleg kaldt. Fleire stader vart det målt rekordstore snømengder i 1888.

Det nyaste tilfellet er Pinatubo i 1991. Denne stratovulkanen på Filippinane førte til global nedkjøling dei neste 2-3 åra.[4]

Eldre vulkanvintrar endre

Ein meiner det må ha oppstått ein vulkanvinter rundt 71 000–73 000 år sidan då supervulkanen TobaSumatra i Indonesia hadde utbrot. Svovelmengdene som vart avsett på jorda dei første seks åra etter utbrotet, var dei høgaste som er målt dei siste 110 000 åra. Dette førte kanskje til kraftig avskoging i Søraust-Asia og eit globalt temperaturfall på 1 °C.[5] Somme forskarar meiner at utbrotet brått førte til eit istidklima som fekk fart i den pågåande isbredanninga. Dette førte til massiv reduksjon i talet på dyr og menneske på jorda. Andre hevdar at effektane av utbrotet var for svake og kortvarige til å påverke dei tidlege folkesetnadane i så stor grad som er indikert.[6]

Effektar på livet endre

 
Supervulkanen Toba.

Somme forskarar meiner at årsaka til flaskehalsfenomen, som ei brå auke i talet på individ av ein art, etter ein periode med stort genetisk mangfald (differensiering) hos dei overlevande, kjem av vulkanvintrar. I følgje antropologar Stanley Ambrose vil hendingar som tynnar ut talet på individ i ein art vere lågt nok til at ein kan få raske evolusjonsendringar. Etter Toba gjekk mange artar, inkludert menneske, gjennom store genetiske endringar etter at dei vart tynna ut, og ein trur at Toba førte til at menneska nesten vart utrydda.

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. Norman F. Cantor, In the Wake of the Plague: The Black Death and the World it Made 2001:74.
  2. I.A. Nairn, P.R. Shane , J.W. Cole, G.J. Leonard, S. Self og N. Pearson 2004. «Rhyolite magma processes of the ~AD 1315 Kaharoa eruption episode, Tarawera volcano, New Zealand», Journal of Volcanology and Geothermal Research, 131: 265-294; K. A. Hodgson, I. A. Nairn, «The c. AD 1315 syn-eruption and AD 1904 post-eruption breakout floods from Lake Tarawera, Haroharo caldera, North Island, New Zealand»" New Zealand Journal of Geology and Geophysics '48.3 (September 2005) 491.
  3. http://www.sciencedaily.com/releases/2008/04/080423135236.htm University of California - Davis (25. april 2008). Volcanic Eruption of 1600 Caused Global Disruption. ScienceDaily.
  4. [Brohan, P., J.J. Kennedy, I. Haris, S.F.B. Tett og P.D. Jones (2006). «Uncertainty estimates in regional and global observed temperature changes: a new dataset from 1850». J. Geophysical Research 111: D12106. doi:10.1029/2005JD006548. ]
  5. C. Oppenheimer, 2002, Limited global change due to the largest known Quaternary eruption, Toba ~~ 74 Kyr BP, Quaternary Science Reviews, 21, 1593-1609
  6. Oppenheimer (2002)

Litteratur endre

  • MR Rampino, S Self & RB Stothers (1988). «Volcanic winters». Annual Review of Earth og Planetary Science 16: 73–99. doi:10.1146/annurev.ea.16.050188.000445. 
  • C. Oppenheimer, 2002, Limited global change due to the largest known Quaternary eruption, Toba ~~ 74 Kyr BP, Quaternary Science Reviews, 21, 1593-1609.