Vyg (russisk Выг, finsk Uikujoki) er ei elv i Karelia i Russland som munnar ut i Kvitsjøen. Elva er 237 km lang og har eit nedslagsfelt på 27 100 km². Elva har ei middelvassføring på 267 m³/s.

Vyg
elv
Land  Russland
Nedslagsfelt 27 100 km²
Lengd 237 km
Middelvassføring 267 /s
Munning Onegabukta
Kart
Vyg
64°31′27″N 34°46′58″E / 64.524232°N 34.782658°E / 64.524232; 34.782658
Wikimedia Commons: Vyg River

Vyg består av øvre og nedre Vyg. Øvre Vyg er 135 km lang og spring ut frå Verkhotinojesjøen aust for Onega, og munnar ut i Vygozero ved Vorosjgora. Øvre Vyg renn gjennom fleire små innsjøar i eit myrlendt landskap. Nedre Vyg er 102 km lang og renn frå Vygozero, og munnar ut i Onegabukta i Kvitsjøen ved Belomorsk. Nedre Vyg vert kontrollert av fleire dammar som ein del av Kvitsjøkanalen.

Kjelder endre