Wörthersee er ein fjellinnsjø som ligg sør i Austerrike i delstaten Kärnten.

Wörthersee
innsjø
Wörthersee om sommaren
Land  Austerrike
Område Vest for Klagenfurt
Tilsig Reifnitzbach, Pirkerbach
Utløp Glanfurt
Nedslagsfelt 162,1 km²
Opphaldstid 10,5 år
Høgd over havet 439 moh.
Lengd 16,5 km
Breidd km
Areal 19,39 km²
Middeldjupn 41,9 m
Største djupn 85,2 m
Koordinatar 46°38′N 14°09′E
Øyar Schlangeninsel, Kapuzinerinsel
Byar Klagenfurt, Velden, Pörtschach
Kart
Wörthersee
46°37′30″N 14°09′00″E / 46.625°N 14.15°E / 46.625; 14.15
Wikimedia Commons: Wörthersee

Innsjøen er langstrekt, rundt 20 km lang og 1-2 km brei, og strekkjer seg frå Klagenfurt i den austlege enden til Velden i vest. I nord og sør ligg bratte lågberg dekte av tett skog, og like bak kan ein sjå dei snødekte alpine toppane. Innsjøen har ein framtredande blågrøn farge og har klårt vatn.

Tidleg på 1800-talet budde det fattige bønder i dei sumpaktige kystområda. Bygningen som høyrde til den sørlege jarnbanelinja, Südbahn, på midten av 1800-talet endra raskt Wörthersee til ein eksklusiv feriestad for adelen i Wien. Det solrike middelhavsklimaet, og reint, varmt vatn gjer i dag staden til ein populær turiststad om sommaren. Og sjølv om området er vorte kalla Austerrike sitt Monte Carlo har turismen i området fått hard konkurranse frå pakkereiser til billigare stader utanlandsk. Som følgje av dette har lokale føretak prøvd å fokusere på nisjar som høgkvalitetsturisme, famileturisme eller golf- og rideferiar.

Om sommaren er innsjøen ein populær stad for symjing og vassport.

Dei fleste turistane vitjar innsjøen i juli og august då vasstemperaturen ligg på rundt 25 °C. Mange turistar kjem igjen år etter og år, og nokre eig eller leiger ferieheimar nær strandsona. Dei fleste turistane kjem frå Wien, nordlege område av Tyskland og Nederland.

Dei nordlege kystområda er tettbygd og yrer med liv om sommaren. Mellom butikkar, barar, hotell og ferieheimar går motorvegar og jarnbanelinjer mellom dei bratte skråningane og vasskanten. Dei største byane er Krumpendorf, Pörtschach og Velden. Eigedomsprisane langs strandsona, som ofte er utilgjengeleg for folk flest (med unntak av få offentlege strender) er blant dei høgaste i Europa. Det er lite vind på sjøen, så segling er ikkje mellom dei mange fritidsaktivitetane som vert utøvd i innsjøen.

Den sørlege delen av innsjøen er mykje rolegare og mindre utvikla. Her har fleire tyske millionærar vald å byggje våningane sine. Den historiske byen Maria Wörth er truleg den vakraste staden ved innsjøen. Ein god del av den sørlege innsjøen er derimot skjemd av ein bråkete motorveg. Opphavleg var det meininga at motorvegen skulle gå i ein mindre folkesett dal 20 km lenger sør, men dei lokale myndigheitene på 1970-talet ville at han skulle byggjast så nær innsjøen som mogeleg, noko ein angrar på i dag.

Om vinteren er området ofte dekt av snø, og sidan det ikkje er skisenter i nærleiken er området i dvale. Om lag kvart tiande år frys Wörthersee til slik at ein kan gå på skeiser.

Geografi endre

 
Om vinteren frys innsjøen stundom til

Wörthersee og området rundt vart stort sett danna av isbrear under den siste istida. Det er den største innsjøen i Kärnten. Innsjøen er delt i tre basseng av øyar og halvøyar. Det vestlege bassenget strekkjer seg frå Velden til Pörtschach, det sentrale bassenget frå Pörtschach til Maria Wörth, og det austlege bassenget frå Maria Wörth til Klagenfurt. Innsjøen renn ut i elva Glanfurt, og vatnet endar omsider opp i elva Drava via elvene Glan og Gurk.

Fiskelivet i Wörthersee er dominert av fiskar ein normalt finn i alpine innsjøar. Den vanlegaste arten er gjedde og vanleg kvitfisk.

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Wörthersee
  Reiseguide for Wörthersee frå Wikivoyage