Wachet! betet! betet! wachet!

Wachet! betet! betet! wachet!, BWV 70, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.

Wachet! betet! betet! wachet!
BWV 70
Kantate av Johann Sebastian Bach
SjangerKoral
PeriodeBarokken
Komponert1723
Urframføring21. november 1723
Publiseringsdato1868
Typisk lengd23:48
Satsar/akter11

Han vart komponert i Leipzig i 1723 for den 26. sundagen etter treeiningssundag, som dette året var den 21. november. Verket vart òg framført av Bach 18. november 1731.

Teksten er henta frå Salomo Franck (sats 1, 3, 5, 8, 10), Christoph Demantius (7. sats) og Christian Keymann (11. sats). Resten av satsane har ukjend opphavsmann.

Koralmelodiane er basert på «Freu dich sehr, o meine Seele» frå samlinga til Louis Bourgeois Pseaumes octante trios de David (Geneve, 1551) og «Meinen Jesum laß ich nicht» av Christian Keymann (1658).

Instrumentering og struktur endre

Stykket er instrumentert for tre trompetar, pauke, fløyte, to oboar, fagott, to fiolinar, bratsj, basso continuo, fire songsolistar (sopran, alt, tenor, bass) og firedelt kor.

Det består av elleve satsar:

  1. «Wachet, betet, seid bereit allezeit», Koral
  2. «Erschrecket, ihr verstockten Sünder!», Resitativ for bass
  3. «Wenn kömmt der Tag, an dem wir ziehen», Arie for alt
  4. «Auch bei dem himmlischen Verlangen», Resitativ for tenor
  5. «Lass' der Spötter Zungen schmähen», Arie for sopran
  6. «Jedoch bei dem unartigen Geschlechte denkt Gott», Resitativ for tenor
  7. «Freu dich sehr, o meine Seele», Koral
  8. «Hebt euer Haupt empor», Arie for tenor
  9. «Ach, soll nicht dieser große Tag», Resitativ for bass
  10. «Seligster Erquickungstag», Arie for bass
  11. «Nicht nach Welt, nach Himmel nicht», Koral

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre