Wahlenbergfjorden

Wahlenbergfjorden er ein fjord på sørvestsida av NordaustlandetSvalbard, mellom Gustav V Land (Vestfonna) og Gustav Adolf Land. Fjorden strekkjer seg 58 km[1] austover frå Hinlopenstretet, som ligg mellom Nordaustlandet og Spitsbergen. Dette gjer han til den lengste fjorden på øya og den femte lengste på Svalbard.

Wahlenbergfjord ligg på sørvestsida av Nordaustlandet

På sørsida av fjorden går fjordarmen Palanderbukta sørvestover

Fjorden er kalla opp etter den svenske botanikaren Göran Wahlenberg.

79°40′N 20°00′E / 79.667°N 20.000°E / 79.667; 20.000

Fotnotar endre

  1. Nordsida av fjorden er 58 km lang, medan sørsida er 46 km lang. Stundom vert lengda på fjorden oppgjeve som dette.