Waiheke Island (uttala /'waiheke/maori eller /waɪ'hekiː/ på engelsk) er ei øy i HaurakigolfenNew Zealand. Ho ligg om lag 17,7 km (ca. 35 minuttar med ferje) frå Auckland.[1]

Waiheke Island
Satellittbilete av øya, august 2002.
Satellittbilete av øya, august 2002.
Geografi
Koordinatar 36°48′S 175°06′E / 36.800°S 175.100°E / -36.800; 175.100
Øygruppe Haurakigolf-øyene

Areal 92 km²
Lengd 19,3 km
Breidd 0,64 - 9,65 km
Kystlengd 133,5 km
Høgaste punkt Maunganui (231 moh.)

Administrasjon
Land New Zealand
Region Auckland

Demografi
Folketal 7 689 (2006)
Folketettleik 83,58 /km²

Øya er den nest største, etter Great Barrier Island, av alle øyene i Haurakigolfen. Ho er også den mest busette med like under 8 000 fastbuande, i tillegg til eit estimert tal på 3 400 som har sin andre heim eller fritidsbustad på øya.[2] Dette gjer Waiheke til den mest folketette øya på New Zealand, med 83,58 menneske/km², og den tredje folkerikaste etter Nord- og Sørøya. Ho er også den lettast tilgjengelege øya i Golfen, med regulære passasjer- og bilferjeruter, og ein del flysamband.

Historikk endre

Dei første som slo seg ned på øya var maoriar som etter tradisjonen fører ætta si attende til mannskapet på Tainui-kanoen som landa ved Onetangi, og dei gav øya namnet Te Motu-arai-Roa som tyder 'den lange øya som gjev ly'. Waiheke, eller 'kaskadar av vatn', skal opphavleg ha vore ei nemning på en bestemt bekk, men europearane trudde det gjaldt heile øya. Mellom dei første europearane som kom til øya, var misjonæren Samuel Marsden som kom dit i 1818 og grunnla ein misjonsstasjon nær Matiatia.[3]

Geografi endre

Oversyn endre

Øya er 19,3 km lang frå vest til aust, og varierer i breidde frå 0,64 km til 9,65 km. Ho har ei flatevidde på 92 km². Kystlinja er 133,5 km lang, medrekna 40 km strender. Hamna Matiatia ved vestenden til øya, ligg 17,7 km frå Auckland, og den austlege enden 21,4 km frå Coromandel.[1] Øya er svært bakkete med få flate område. Det høgaste punktet er Maunganui, 231 m.o.h.[4] Vêrlaget er litt mildare enn i Auckland, med tørrare luft, mindre regn og fleire solskinnstimar.[1]

Geologi endre

Waiheke har fleire stader av interesse for geologar, mellom desse ein argilittutløpar i Omiha Bay og ein flintførekomst ved enden av Pohutukawa Point, den siste omtala som «ein av dei finaste førekomstane av falda flint i Auckland City». [5]

Demografi endre

Populasjon endre

Ved folketeljinga i 2006 hadde Waiheke ein fast busetnad på 7 689 menneske,[6] der dei fleste budde nær den vestlege enden av øya,[1][7] eller nær eidet mellom Huruhi Bay og Oneroa Bay, som på det smalaste er berre 600 meter breitt. Busetnadane Oneroa og Blackpool ligg lengst vest, følgd av Palm Beach, Surfdale og Ostend. Lenger aust ligg Onetangi, som ligg på nordkysten ved den vide bukta Onetangi Bay. I sør, på den motsette kystlinja ligg Whakanewha Regional Park, Whakanewha og Omiha eller Rocky Bay. Mykje av den austlege halvdelen av øya er privateigd jordbruksland og vinmarker.

Waiheke Island er ein populær feriestad, og i sommarsesongen, særleg kring jul og påske, aukar folketalet på øya vesentleg på grunn av dei mange ferie- og utleigebustadane, fellesarrangement og dansefestar på vingardar og restaurantar, vinfestival, jazzfestival og tilreisande frå heile landet og verda elles i helgene.

Sosial samansetjing endre

Waiheke Island har ein høgare del av innbyggjarar med europeisk bakgrunn (92,8 %) samanlikna med 65,7 % i Auckland City og 80,1 % i New Zealand under eitt (ved folketeljinga i 2001). Gruppa med bakgrunn frå Stillehavsøyene og Asia er også mykje lågare enn i resten av distriktet.[8]

Sosialt er øya svært variert, med eit sterkt innslag av kreative grupper, som artistar, musikarar, vitskapsfolk, forfattarar og poetar, skodespelarar og eksentriske personar.[1] Kring 1 000 menneske pendlar dagleg til Auckland på arbeid, etter som det er avgrensa høve til arbeid og karrièredanning på øya. Dei største næringsvegane er hagebruk (vin, oliven), ein del dyrehald, turisme, bygg- og anleggsverksemd, matindustri, handel og eigedomsutvikling. Gentrifisering og tomtespekulasjon har verka, saman med auka skattar og lånerenter, slik at eindel menneske med faste inntekter har vorte tvinga til å flytta frå øya.[9] Skattar på New Zealand er for ein del baserte på verdsetjing av land og bygningar, og tek med potensiell verdi ved utvikling, sjølv om eigarane bur på eigedommen utan tanke på å selja eller vidareutvikla han.[10]

Inntektsfordelinga ved folketeljinga i 2001 viste ein høgare del lågare inntektsgrupper og lægre del høginntektsgrupper enn Aucklanddistriktet sett under eitt. Dette kjem delvis av eit høgare tal pensjonistar og einslege foreldre på Waiheke, desse har vanlegvis fast og låg inntekt. I 2001 var gjennomsnittsinntekta for personar over 15 år $ 15 600 samanlikna med $23 500 i 2006. Waiheke nærmar seg no det nasjonale gjennomsnittet på $24 400, som viser at den gjennomsnittlege inntekta har auka med 51% på fem år. Velstandsauken på Waiheke viser seg òg i talet på familiar som tener meir enn $100 000 i året, dette har meir enn dobla seg frå 2001 fram til 2006.[11]

 
Palm Beach Village på Waiheke Island.

Maoritilhøve endre

Tilhøva mellom folkegruppene er gode, sjølv for standarden på New Zealand. Den lokale maraen var ikkje gamalt maoriland med maorinamn, men høyrde til dåverande Waiheke County Council. Innbyggjarane, både pākehā og maoriar, kom saman og utarbeidde ei langtidsleige av statleg eigd land, og bygde ein marae. Eit av dei første landkrava frå maoriane vart fremja av innbyggjarane på Waiheke, som på det tidspunktet ikkje visste kva som var Tangata Whenua (maoriland) på øya. Ei detaljert orientering om dette ligg på Waitangitribunalet sin nettstad.[12]

Styresett og infrastruktur endre

 
Oneroa Beach med eit par av busetnadane.

Waiheke Island er ein del av distriktet Auckland City. Frå 1970 fram til samanslåinga med Auckland City i 1989, var øya administrert av Waiheke County Council. Ho har no eit lokalt valt råd med avgrensa, stort sett representative oppgåver, på linje med andre lokalsamfunn i Auckland City. Distriktsstyret (Auckland City Council) har eit medlem som representerer alle dei bygde øyene i Haurakigolfen, det vil seia Waiheke, Great Barrier Island og Rakino.

Infrastrukturen på øya er mindre utvikla enn det som generelt er tilfelle i Auckland City. Vegane er jamnt over smale, og mange av dei er utan fast dekke og vegljos, særleg på den austlege delen av øya. Dei fleste busetnadane på øya har buss-samband som bind dei saman med ferjeleiet i Matiatia. Der er ei privat driven flystripe, Waiheke Island Aerodrome, nær Onetangi Bay.

Avfallshandtering og renovasjon endre

Kvar husstand må sørgja for si eiga vassforsyning, dei fleste samlar regnvatn i cisterner. Dei må installera septiktankar og grava spreiegrøfter for å ta seg av kloakkvatn. Dette er eit vilkår som følgjer alle byggjeløyve.[13]

Lokalsamfunnet oppretta i 1998 ei samfunnsgagnleg stifting (Waste Resource Trust Waiheke) som la inn tilbod til distriktsstyret på handsaming av fast søppel. Etter å ha vunne tilbodet, vart tiltaket gjennomført med slik suksess at resirkuleringssentralen måtte utvidast for å ta hand om søppelmengdene.[14]

Media endre

Øya har ei aktiv presse med to vekeaviser som tevlar om lesarane, den uavhengige og eldste Waiheke Gulf News og Waiheke Marketplace eigd av Fairfax Media. Der er òg ein lokal radiostasjon, Waiheke Radio. Øya har også sin eigen lokale wiki, Waihekepedia (sjå lenkje nedanfor).

Samanslåing med Auckland City endre

I 1989 vart det tidlegare Waiheke County Council slege saman med Auckland City Council som ein del av reorganiseringa av lokalstyret på New Zealand dette året. Forståsegpåarar spådde eit stormande samvær.

Alt i 1990 vende lokalrådet, Waiheke Community Board, seg formelt til styresmaktene med ønskje om å gå ut av Auckland City. Ein «oppløysingskomité» vart danna for å fremja lokalrådet sitt ønskje. Dette viste seg likevel ikkje å vera ønsket til dei fleste andre lokalsamfunna i det nye Auckland City.

Spørsmålet om oppløysing er enno eit heitt emne på øya. I 2008 mottok Royal Commission on Auckland Governance ('Den kongelege kommisjon over styreforma i Auckland', som utarbeider eit nytt administrativt styresett for Auckland-området) 3 537 innlegg, 615 av desse kom frå folk på Waiheke[15]. Eit fleirtal under eit folkemøte med 150 av innbyggjarane den 29. mars 2008 var for å bryta ut av Auckland City-distriktet.[16]

Kommisjonen[17] tilrår at Waiheke Island framleis skal ha sitt lokalråd med utvida fullmakter, men detaljane om dette er ikkje endeleg avgjort midt i 2009.

Viktige hendingar endre

 
Vinmarker nær Stony Batter. Til skilnad frå dei tettare bygde vestlege delane på øya, er den austlege delen mest jordbruksland.

Kanonstillingane ved Stony Batter endre

Under den andre verdskrigen vart det bygd tre kanonstillingar aust på Waiheke til vern for alliert skipsfart i Waitemata Harbour, i otte for at Japanske skip skulle kunna nå heilt fram til New Zealand. Tilsvarande utbyggingar vart utførte på North Head og Rangitoto Island. Kanonane vart aldri avfyrte i strid. Dei tomme kanonstillingane (nokre få kanonkopiar er installerte i den seinare tid[3]) og dei utstrekte tunnelsystema under dei er tilgjengelege i helgene.

Kjernevåpen- og genmanipulasjonsfri sone endre

Waiheke Island var det første smafunnet på New Zealand som røysta for ei kjernevåpenfri sone, og det er sagt at denne hendinga bidrog til det nasjonale vedtaket om å vera fritt for kjernevåpen under regjeringa til David Lange.

I 1999 røysta lokalrådet på Waiheke for at øya skulle vera ei genmanipuleringsfri sone,[18] men dette er ei prinsippsak meir enn eit vedtak, ettersom berre sentrale styresmakter kan kontrollera genetisk endra mat- og kornprodukt.

 
Den vestlege enden av øya med ferjeterminalen.
 
Ferjeterminalen ved Matiatia.

Vin endre

Klimaet på Waiheke har vist seg godt eigna til dyrking av Bordeauxvin-druer, men òg somme Chardonnay- og Sauvignon Blanc-variantar vert sett på som gode. Dei lokale vinane er relativt kostbare på grunn av at den avgrensa storleiken på mange vingardar fører til liten produksjon.[19]

Referansar endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Waiheke Island Information (frå den offisielle Waiheke-sida på Tourism Auckland)
  2. http://www2.stats.govt.nz/domino/external/pasfull/pasfull.nsf/173371ce38d7627b4c25680900046f25/4c2567ef00247c6acc256c67007d3065?OpenDocument Arkivert 2011-06-07 ved Wayback Machine. Statistics New Zealand
  3. 3,0 3,1 L. Harper, T. Mudd, P. Whitfield, D. Hall (2006). The Rough Guide to New Zealand (5. utg.). New York - London - Delhi: Rough Giudes. s. 162 - 169. ISBN 1-84353-679-X. 
  4. Waiheke & adjacent islands Arkivert 2007-07-02 ved Wayback Machine. (Kartopplysingar frå DOC (Miljøverndepartementet), via vevsida til Craig Potton Publishing)
  5. Appendix 3 - Character statements for conservation areas (from the Auckland City District Plan - Hauraki Gulf Islands Section - Proposed 2006. Henta 2009-06-12.)
  6. Area Unit populations in Auckland City Arkivert 2008-11-21 ved Wayback Machine., 2006 Census, Statistics New Zealand
  7. Stony Batter Historic Reserve, Waiheke Island (frå vevsida til Department of Conservation (Miljøverndepartementet))
  8. Waiheke Island Community Profile Arkivert 2012-03-16 ved Wayback Machine. (frå resultata av folketeljinga på New Zealand i 2001)
  9. Seniors advocate rate revolt island-wide and beyond Arkivert 2011-07-24 ved Wayback Machine. - Waiheke Gulf News, May 2006
  10. Board reiterates valuation concerns Board reiterates valuation concerns Arkivert 2011-07-24 ved Wayback Machine. - Waiheke Gulf News, Mars 2006
  11. Editorial: Better educated and better off Arkivert 2011-07-24 ved Wayback Machine. - Waiheke Gulf News, torsdag 5. juli 2007
  12. Report of the Waitangi Tribunal on the Waiheke Island Claim Arkivert 2012-03-19 ved Wayback Machine. (PDF frå vevsida til Waitangitribunalet. Henta 13. juni 2009.)
  13. Waiheke Island Bylaw: Part 29 - Waiheke Wastewater Arkivert 2009-04-09 ved Wayback Machine. (frå heimesida til Auckland City Council)
  14. About the Trust Arkivert 2008-10-14 ved Wayback Machine. (frå Waste Resource Trust Waiheke si vevside. Henta 13. juni 2009.)
  15. Royal Commission allocates one day to Waiheke Arkivert 2011-07-24 ved Wayback Machine. - Waiheke Gulf News, Thursday, 05 June 2008.)
  16. A show of hands says it all Arkivert 2008-04-15 ved Wayback Machine. - Waiheke Gulf News, torsdag 3. april 2008)
  17. Royal Commission Executive Summary report
  18. «GE Free NZ Newsletter, December 1999 - Rage Inc.» (PDF). s. Page 2. Arkivert frå originalen (PDF) 3. mars 2009. Henta 14. juni 2009. 
  19. From Santa Cruz to Waiheke Arkivert 2008-10-16 ved Wayback Machine. (frå 'wineoftheweek.com' si vevside, 7. mai 2005. Henta 13.06.2009.)

Bakgrunnsstoff endre