Waihi er ein by i distriktet HaurakiNordøyaNew Zealand, og er særleg kjend for historia si som gullgruveby. Folketalet var 4 500 ved folketeljinga i 2006.

Waihi
Utsikt i North Waihi sørover gjennom hovudgata.
Utsikt i North Waihi sørover gjennom hovudgata.
Utsikt i North Waihi sørover gjennom hovudgata.
Styresmakter
Land
Region
New Zealand
Waikato
Geografi
Innbyggjarar
 - By (30. juni 2018; 6. mars 2018; 30. juni 2020)

5 310, 5 403,[1] 5 740[2]
Koordinatar 37°23′S 175°50′E / 37.383°S 175.833°E / -37.383; 175.833
Diverse anna
Nettstad: www.waihi.org.nz
Plassering
Waihi is located in New Zealand

Byen ligg ved foten av Coromandelhalvøya, nær den vestlege delen av Bay of Plenty. Den nærliggjande hamnebyen Waihi Beach, ti km mot aust, vert ofte sett på som det vestlegaste punktet i regionen Bay of Plenty. Mot vest ligg åsrekkja Kaimai Ranges. Vegsambandet i denne retninga går gjennom det kronglete fjellpasset Karangahake Gorge. Waihi har eit uvanleg vått og fuktig mikroklima for å vera på austkysten av New Zealand, og den årlege nedbørsmengda er 2147 mm.

Historie endre

Tidlege tider endre

Gruver

Waihi ligg i Coromandeldistriktet, som ein gong var eit av dei store gullgruveområda i verda. Bysamfunnet voks fram kring gruvedrifta etter at John McCombie og Robert Lee fann gull der i 1878. Deira prospekt vart overteke av William Nicholl i 1879. Han målte ut fem acre, og kalla sitt skjerp «Martha» etter eit familiemedlem.[3] Fleire mindre skjerp vart seinare slegne saman og danna The Martha Company. I 1882 vart det første anlegget for knusing av gullberande stein sett i drift. Martha Mine vart etter kvart eit av dei viktigaste gull- og sølvgruveselskapa i verda, og Waihi voks med gruvene, slik at byen i 1908 var den snøggast veksande i provinsen Auckland, og var tre gonger så stor som Hamilton.[3]

Waihi var òg eit hovudsete for arbeidskonfliktar på New Zealand tidleg i det 20. hundreåret. I 1912 førte ein streik mellom gruvearbeidarane til valdsbruk, og ein av dei streikande vart drepen. Dette er ei hending som enno kan vekkja kjensler i byen.

I 1952, då Martha Mine vart stengd, hadde 174 160 kg gull og 1 193 180 kg sølv vorte utvunne av 11 932 000 tonn malm. Gruvedrifta stoppa i 1952, ikkje fordi Martha hadde vorte tømd for gull, men mest på grunn av faste, låge prisar på gull, mangel på arbeidskraft og aukande kostnadar.

 
Martha Mine er meir enn 100 meter djup
Jarnvegar

I november 1905 vart det opna ei sidelinje til Waihi frå Paeroa. Ho utvikla seg etter kvart til å verta East Coast Main Trunk Railway, og nådde Taneatua i 1928. I løpet av 1960-åra vart trafikkmengda på hamna i Tauranga for stor for kapasiteten til jarnvegslinje gjennom Waihi, og det vart bygd ei sidelinje i sør. Denne opna i 1978, og gjorde linja gjennom Waihi overflødig, men linja Goldfields Railway vart teken vare på som ein seks km lang veterantogjarnveg mellom Waihi og Waikino. Jarnvegen er enno i drift, og er populær blant turistar.[4]

Motkultur endre

I 1970-åra flytta ei mengd hippiar på leiting etter miljøvenlege, alternative buformer hit og til Waikinoområdet. Desse unge forkjemparane for motkultur hadde med seg talrike former for heimeindustri, noko som støtta opp under økonomien i Waihi. Nambassa-rockefestivalen og andre alternative festivalar som vart haldne kring Waihi og Waikino mellom 1975 og 1982, auka folketalet frå kring 10 000 til 75 000 nokre få dagar i året og gav inntekter til byen. Det vart sett opp midlertidige teltbyar for festivaldeltakarar nord for byen.

Nyare historie endre

 
Ein modell av eit gruvetårn til Martha Mine er sett opp nord i byen.

Sist på 1980-talet vart det starta dagbrotsdrift over den gamle underjordiske gruva. Denne drifta er no nærpå ferdig, men arbeid med å sikra gruveveggene har forseinka anlegg av ein planlagt kunstig sjø og rekreasjonsområde på denne staden. Ei ny underjordisk gruve, Favona, er i drift i nærleiken, og somme meiner det er for utrygt å laga ein sjø så lenge ein har underjordisk arbeid gåande så nær.

Sist på 1990-talet måtte fleire eigedommar kondemnerast og nokre vegar stengjast av for godt etter at grunnen under dei sokk som følgje av kollaps av gamle gruvegangar, med synlege sprekker og hol i overflata. I desember 2001 fall ein bustad nær Martha Pit saman ned i gamle gangar, og 14 heimar i nabolaget vart også råka. I dag ligg røykjerommet (smoko) i gruva nær denne staden. Støy, støv og og vibrasjonar frå sprengingar held fram med å plaga ein del av innbyggjarane medan arbeidet med å stabilisera gruva pågår. Det kjende pumpehuset til gruveanlegget er nyleg flytta av tryggingsårsaker.

Leiinga for gruvene har elles fått positive reaksjonar på dei omfattande miljøprosedyrene i produksjonen, i tillegg til samarbeidet med og forpliktingane mot lokalsamfunnet når det gjeld orientering, høyringar og finansiell stønad. Dette har, mellom andre ting, gjort at gruveselskapet, Newmont-Waihi, er utmerka med Advanced Sustainable Business Award (Prisen for framståande berekraftig industri) frå regionen Waikato.[5]

Gruvedrift er den viktigaste sysselsetjinga i distriktet. Inntil produksjonen av elektrisk utstyr vart deregulert på New Zealand i 1980-åra, hadde Waihi ein monteringsavdeling for fjernsynsapparat, først driven av selskapet Akrad, så av Philips.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 http://nzdotstat.stats.govt.nz/wbos/Index.aspx?DataSetCode=TABLECODE8318.
  2. 2,0 2,1 http://nzdotstat.stats.govt.nz/wbos/Index.aspx?DataSetCode=TABLECODE7981.
  3. 3,0 3,1 Gold Fever Arkivert 2007-09-04 ved Wayback Machine. (frå History & Heritage-avsnittet på Waihi.org)
  4. L. Harper; T. Mudd; P. Whitfield; D. Hall (September 2006). The Rough Guide to New Zealand (5. utg.). New York, London, Delhi: Rough Guides. s. 424. ISBN 1-84353-679-X. 
  5. Getting it right for the Waihi community - Business North, juli 2007, side 19

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Waihi