Waikato Plains er eit større område med lågtliggjande sletter nordvest på NordøyaNew Zealand. Dei vert for ein del overfløymde ved stor vassføring i den lengste elva i landet, Waikato.

Waikato Plains
Land  New Zealand
Kart
Waikato Plains
37°40′12″S 175°31′06″E / 37.669941666667°S 175.51831388889°E / -37.669941666667; 175.51831388889

Slettene kan grovt inndelast i Midtre Waikato Plain, som er områda kring byen Hamilton, og Nedre Waikato Plain, aust for elvemunningen. Dei to delane er skilde frå kvarandre med den opprevne, låge åsrekkja Hakarimata Range mellom Ngaruawahia og Huntly.

Området er tett busett etter newzealandske tilhøve, med meir enn 250 000 menneske innanfor eit område på kring 8 000 km². Litt under halvparten av desse bur i Hamilton.

Området er svært grøderikt og for ein del intenst oppdyrka. Storfe, sauer, kornvekster og mais vert produsert her, men det er mjølkeproduksjonen som er viktigast for den lokale økonomien. Det nedre området er òg kjent for vindyrking, og det midtre har nokre av dei mest kjende oppdrettsstadane for rasehestar på den sørlege halvkula, særleg kring byane Cambridge og Matamata.

Ein betydeleg del av området er torvmyrer, og somme stader er der udrenerte sumpar. Elva dannar fleire grunne innsjøar sør i det nedre området, som til dømes Lake Waikare.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre