Denne artikkelen handlar om byen og distriktet på Sørøya på New Zealand. For misjonsstasjonen Waimate Mission Station på Nordøya, sjå Te Waimate mission.

Waimate er ein by og eit distriktSørøyaNew Zealand. Det ligg 45,7 km sør for Timaru, i den sørlege delen av regionen Canterbury, 20 km nord for Waitakielva.

Waimate
Land  New Zealand
Region Canterbury
Folketal 2 835  (2006[1])
Kart
Waimate
44°43′58″S 171°02′53″E / 44.732661°S 171.048106°E / -44.732661; 171.048106
Wikimedia Commons: Waimate

Folketalet i Waimate District var 7 206 innbyggjar ved folketeljinga i 2006. Waimate hadde i 2006 det lågaste talet på maoriinnbyggjarar av alle distrikt på New Zealand, med 375 menneske.[1] Flatevidda er 3 582,19 km².

Waimate er godt kjend for bestanden av ei art wallaby, Bennett's wallabies (Macropus rufogriseus). Desse pungdyra vart innførte frå Australia og lever no vilt i områda kring byen. Det vert også drive lokal avl av desse dyra, og dei vert stundom eksporterte til zoologiske hagar.[2]

Historie endre

Frå 1877 til 1966 hadde Waimate jarnvegssamband gjennom ei sidelinje sju km austover mot Studholme med Main South Line. Då sidelinja vart lagd ned i 1966, vart Waimate den første større byen på New Zealand som miste jarnvegssambandet.

Geografi endre

Waimate District grensar til Waitakielva i sør, Pareoraelva i nord og Hakataramea Valley i vest. Distriktet er eit svært produktivt jordbruksområde med ei blanding av beitemarker, dyrking av plantevekstar, mjølkeproduksjon, frukt- og grønsaksdyrking.

Waihaoelva, som har nedslagsområdet sitt i Hunter Hills, renn austover på sørsida av byen og går saman med Waimate Creek. Båe tømmer seg til slutt svært nær sjøen i Wainono Dead Arm, som så renn ut i Wainono Lagoon nær Studholme.

Bygder endre

 
Panoramautsikt over byen frå Centrewood Park.

Økonomi endre

Liksom mange landlege distrikt på New Zealand, vart òg Waimate råka av den økonomiske nedgangen i 1980-åra, med nedlegging av meieriverksemda og ei rekkje sagbruk. I det siste tiåret av 1900-talet var dei største arbeidsgjevarane i distriktet to møbelfabrikkar, ein fabrikk som produserte vegetabilske produkt og ein fabrikk som laga pommes frites og andre potetprodukt, alle i Makikihi. Alle, utanom den sistnemnde, vart nedlagde i løpet av dei første åra av 2000-talet. Ei nyoppretta stor trelastverksemd, og bygging av ein stor mjølkepulverfabrikk har, saman med auka velstand i det mjølkeproduserande landbruket og ein lokal byggeboom, skapt ny optimisme i Waimate.

 
Solnedgang over åsane sør for Waimate, sett frå sentrum i byen.

Venskapsbyar endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 QuickStats About A Place Frå folketeljinga i 2006. Statistics New Zealand
  2. «Wallabies». Waimate District Council. 2004. Henta 15 mars 2010. 

Bakgrunnsstoff endre

44°44′02″S 171°02′47″E / 44.7340°S 171.0465°E / -44.7340; 171.0465