Waitangitraktaten

Waitangitraktaten (engelsk Treaty of Waitangi, maori Tiriti o Waitangi) er ein traktat (avtale) som først vart underteikna 6. februar 1840 av representantar frå den britiske krona og ulike maorihøvdingar frå den nordlege delen av NordøyaNew Zealand. Traktaten innførte ein britisk guvernør på New Zealand, erkjende eigarskapen māoriane hadde over landet sitt og andre eignelutar, og gav maoriane rettar som britiske borgarar. Traktatversjonane på engelsk og på maori er langt frå i samsvar med kvarandre, så der er inga eigentleg semje om kva partane i 1840 skreiv under på. Frå den britiske synsstaden gav traktaten Storbritannia suverenitet over New Zealand, og guvernøren rett til å styra landet på vegner av den britiske monarken. Maoriane synest å ha hatt andre forståingar av avtalen, mange av desse skil seg sterkt frå dei britiske tolkingane. Etter at traktaten først var underteikna i Waitangi, vart kopiar tekne rundt på New Zealand, og i løpet av dei følgjande månadane underteikna mange andre høvdingar.

Ein av dei få bevarte kopiane av Waitangitraktaten.

Inntil 1970-åra vart traktaten generelt sett bort frå, både av rettsapparatet og Parlamentet, sjølv om han vanlegvis vart skildra i newzealandsk historieskriving som ei generøs og velviljug handling frå krona si side. Sidan seinast på 1860-talet hadde maoriane sett på traktaten med liten velvilje, etter å ha meint å oppleva tap av land og andre rettar, og tilsidesetjande handsaming av styresmaktene. Frå sist på 1960-talet byrja maoriar å merka seg brota på traktaten, og seinare hendingar har lagt vekt på problema med oversetjinga. I 1975 vart Waitangitribunalet etablert som ein permanent granskingskommisjon med oppgåve å granska brot på avtalen ved styresmaktene, og å føreslå åtgjerder for kompensasjon.

I dag er Waitangitraktaten generelt sett på som grunnlagsdokumentet for New Zealand som ein nasjon. Trass dette er han ofte emne for oppheita debatt. Mange maoriar føler at «krona» ikkje heldt sin del av avtalen, og har ført vitneprov om dette i høyringar for Tribunalet, sjølv om det kan vera eit motstt syn frå somme i den ikkje-maoriske leiren som meiner at maoriane legg for mykje vekt på traktaten, og brukar han for å krevja «spesielle privilegium». Staten er ikkje forplikta til å retta seg etter tilrådingane frå Tribunalet, men har ikkje desto mindre i mange saker vedgått å ha brote traktaten og prinsippa i han. Ordninga med erstatning gjennom den statlege ordninga Settlements, har til no gitt utbetalingar på millonar NZD og andre verdiar, så vel som orsakingar.

Underteikninga av traktaten endre

 
Kaptein William Hobson

Utarbeidinga av Waitangitraktaten vart iverksett av dei britiske styresmaktene etter råd frå embetsmenn i Kolonisekretariatet (Colonial Office), tilskunda av uro over lovløyse, stammekrigar mellom maoriane, og otte for at eit privat firma, New Zealand Company, skulle gjennomføra ei formell kolonialisering av New Zealand. Historikaren Claudia Orange hevdar at kolonistyresmaktene frå først av hadde planlagt eit maoristyrt New Zealand der europeiske innvandrar skulle finna seg til rette, men at synspunktet i 1839 hadde skifta til eit «nybyggjar-New Zealand der ein måtte finna plass til maoriane».[1]

Kaptein William Hobson, ein marineoffiser som tidlegare hadde vore på New Zealand ei tid, vart send ut frå London i august 1839 med instruksar om å ta dei konstitusjonelle åtgjerdene som var naudsynte for å oppretta ein britisk koloni. Han hadde fullmakter til å forhandla fram ei friviljug overføring av sjølvråderett frå maoriane til den britiske krona. Dette var naudsynt, ettersom Underhuset alt hadde vedteke i Declaration of the Independence of New Zealand (Deklarasjon om newzealandsk sjølvstyre), som var ratifisert i 1836, at alle steg den britiske krona gjorde for å annektera New Zealand ville vera ulovleg.[2] Han vart teken i eid som guvernørløytnant i Sydney og kom til Bay of Islands den 29. januar 1840.

Neste dag, 30. januar 1840, var Hobson tilstades i Christ Church i Kororareka (Russell), han las opp tre kunngjeringar for forsamlinga. Den første handla om utvidinga av grensene til den australske provinsen New South Wales til også å omfatta øyene på New Zealand. Den andre var om Hobson si eiga utnemning til guvernørløytnant. Den tredje handla om transaksjonar av landområde (først og fremst om forkjøpsrett).[3]

Utan å ha eit dokumentutkast førebudd korkje av juristar eller av embetsmenn i Kolonisekretariatet, var Hobson nøydd til å skriva sitt eige traktatutkast, ved hjelp av sekretæren sin, James Freeman, og den britiske fastbuande, James Busby; ingen av desse lovkunnige. (Busby hadde tidlegare utforma eit utkast til sjølvstendeerklæring for New Zealand Declaration of the Independence of New Zealand, dette hadde vorte underteikna av nokre få maorihøvdingar i 1835, og ratifisert av den britiske krona det følgjande året.) Heile traktaten vart utforma på fire dagar.[1] Det var klårt at ein traktat på engelsk korkje kunne forståast, drøftast eller vedtakast av maoriane, så Hobson påla misjonæren Henry Williams og Edward, son hans, å omsetja dokumentet til maori, og dette vart gjort over natta den 4. februar.

Den 5. februar vart fem kopiar av traktaten på begge språk lagde fram for ei forsamling av nordlege maorileiarar i eit stort telt på plenen framfor huset til Busby i Waitangi. Hobson las traktaten med høg røyst på engelsk, og Williams las sin maoriversjon. Maorileiarane drøfta traktaten i fem timar, og under desse drøftingane gjekk høvdingane Te Kemara, Rewa, Moka 'Kainga-mataa' og fleire andre mot traktaten, medan andre høvdingar, som Pumuka, Te Wharerahi, Tamati Waka Nene og bror hans, Eruera Maihi Patuone la fram sine synspunkt om kva dei venta seg av krona. Etterpå gjekk høvdingane til elvebreidda nedanfor huset til Busby og helt fram med overleggingane til langt på natt. Hobson hadde planlagt at underteikninga skulle finna stad 7. februar, men alt neste morgon var 45 av høvdingane klare til å signera, og Hobson fekk snøgt ordna at dette vart gjort.[4]

Hobson var den første av dei britiske underteiknarane. Av dei kring 40 maorihøvdingane, var iwien Ngā Puhi sin rangatira (høvding) Hone Heke den første som signerte traktaten. For å forsterka verdien til traktaten vart det laga åtte andre kopiar som vart sende rundt i landet for å få fleire underteikningar:

Frå februar til september 1840 vart det halde omkring 50 møte for å drøfta og signera traktatkopiane, og om lag 500 nye underskrifter vart lagde til. Ei rekkje høvdingar og fleire stammegrupper nekta å skriva under, mellom dei Tuhoe, Te Arawa og Ngāti Tuwharetoa. Nyleg (i 2007) antyda maoriakademikaren Brent Kerehona at, trass påstandane til tidlegare og noverande historikarar, at høvdingen Moka 'Kainga-mataa' hadde underteikna traktaten i Waitangi den 6. februar, var dette ikkje tilfelle, han hadde nekta i protest.[5] Somme fekk heller ikkje høve til å signera.[6] Ikkje desto mindre erklærte guvernør Hobson den 21. mai 1840 suverenitet over heile landet, og New Zealand vart oppretta som ein koloni skild frå New South Wales den 16. november 1840.

Årsdagen for underteikninga av traktaten er no ein offentleg høgtidsdag på New Zealand, Waitangi Day, den 6. februar. Den første offisielle Waitangidagen kom først i 1947, sjølv om det hadde vore nokre markeringar før den tid. Dagen vart offentleg høgtidsdag i 1974. Markeringane av dagen har ofte vorte fokus for protestar frå maoriane. Årsdagen vert offisielt markert i Treaty house (Traktathuset) i Waitangi, der traktaten først vart underteikna.

Seinare historie endre

 
Ein av underskrivarane, Hone Heke, med kona si, Hariata

I 1841 vart Waitangitraktaten så vidt berga då kontora til koloniministeriet i Auckland vart øydelagde av brann. Då hovudstaden vart flytta, vart traktatdokumenta bundne saman og plasserte i ein safe på Kolonisekretariatet sitt kontor i Auckland og seinare i Wellington. Dokumenta låg urørde til 1865, då det vart laga ei liste over underteiknarane.

I 1877 vart den engelskspråklege kladden til traktatutkastet publisert saman med fotolitografiske faksimilar av traktaten, og originalane vart lagde attende til lagring. I 1908 fann Dr. Hocken traktaten i dårleg forfatning, eten på av gnagarar. Dokumenta vart restaurerte av Dominion Museum i 1913.

I februar 1940 vart traktaten teken til Waitangi for framsyning i Treaty house i samband med eit hundre års feiringa av New Zealand — dette var truleg den første gongen traktaten vart vist fram offentleg sidan han vart signert.

Etter utbrotet av krigen mot Japan vart traktaten plassert saman med andre regjeringsdokument i ein stor metallkoffert og plassert i dei offentlege administrasjonskontora (Public Trustee) i Palmerston North av det lokale parlamentsmedlemmet der. Han fortalde ikkje staben sin kva som var i kofferten. Ettersom kofferten var for stor til å få plass i safen, vart Waitangitraktaten under heile krigstida liggjande i ein sidekorridor i kontorbygningen.

I 1956 plasserte Innanriksdepartementet traktaten hjå biblioteket Alexander Turnbull Library, og han vart tilslutt utstilt i 1961. Fleire åtgjerder for å bevara dokumenta vart tekne i 1966, og utstillingstilhøva vart betra. Frå 1977 til 1980 utførte biblioteket ei omfattande restaurering av dokumenta før traktaten vart plassert i Reserve Bank.

I påvente av ei avgjerd om å stilla ut Waitangitraktaten i 1990 (til 150-års minnet om underteikninga), vart det utført full dokumentasjon og reproduksjonsfotografering. Fleire års planlegging enda med opning av «konstitusjonsrommet» (Constitution Room) i det dåverande nasjonalarkivet ved Statsministeren i november 1990. Dokumenta er no permanent utstilte i konstitusjonsrommet i Riksarkivet (Archives New Zealand) sitt hovudkvarter i Wellington. Den 12. juni 2012 vart det kunngjort at dei ni dokumenta med Waitangitraktaten skulle flyttast til Nasjonalbiblioteket på New Zealand i 2013.[7]

Tyding og tolking endre

Traktaten sjølv er kort, han består berre av tre artiklar:

  • Artikkel 1 i den engelske versjonen gjev den britiske monarken (på den tida dronning Victoria) suverenitet over New Zealand.
  • Artikkel 2 garanterer maorihøvdingane full «eksklusiv og urørt eigarskap over landa deira, skogane, fiskeria og annan eigedom». Der vert det òg stadfesta at maoriane berre skal selja land til den britiske krona.
  • Artikkel 3 garanterer alle maoriar dei same rettane som alle andre britiske undersåttar.

Versjonane på engelsk og maori er ikkje like. Dette har gjort det vanskeleg å semjast om tydingane i traktaten, noko som held fram med å underminera han. Dei mest kritiske skilnadane har krinsa om tydinga av tre maoriord: Kāwanatanga (bokstaveleg overherredøme) som er avstått til dronninga i den første artikkelen, Rangatiratanga (bokstaveleg høvdingskap) som er tillagt høvdingane i den andre artikkelen, og Taonga (kostelege ting, skattar eller eignelutar), som høvdingane er garanterte eigarskap til og kontroll med, også i den andre artikkelen. Få maoriar hadde særleg forståing av korkje «suverenitet» eller «overherredøme», og tanken om å verta styrte frå den andre sida av havet, var heilt framand for dei. Somme akademikarar, som til dømes Moana Jackson, reiser spørsmål om maoriane hadde full forståing av at dei gav frå seg sjølvstendet sitt til den britiske krona.

Dessutan er kāwanatanga ei omskriving meir enn ei omsetjing til maori av det engelske overherredøme (governorship), ei nemning som som på den tid ikkje hadde noko eintydig uttrykk på maori. Der har vore betydelege ordskifte om kva som ville ha vore eit meir høveleg omgrep. Somme vitskapsfolk, især historikaren Ruth Ross, hevdar at mana (prestisje, autoritet, makt) kunne ha gjeve ei meir nøyaktig meining til overdraginga av suverenitet[8] Seinare er det imidlertid halde fram av andre, til dømes historikaren Judith Binney, at mana ikkje ville ha vore høveleg, dette fordi mana ikkje er det same som suverenitet, og fordi ingen kan gje avkall på sin mana.[9]

Den engelskspråklege versjonen anerkjenner maoriane sine rettar til eignelutar, og synest å omfatta både fysisk og kanskje intellektuell eigedom, medan maoriversjonen nemner taonga, som tyder skattar eller kostelege ting. I måten maoriar brukar dette uttrykket, betyr det mykje meir enn eigedomar, og sidan 1980-åra har rettsavgjerder kome fram til at omgrepet kan omfatta uhandgripelege ting som til dømes språk og kultur. Klausulen om forkjøpsrett er generelt dårleg omsett, og mange maoriar har tydelegvis trudd at dei berre gav den engelske dronninga forkjøpsrett til land, etter det kunne dei selja til kven dei ville. Det har òg vore reist tvil om Hobson sjølv retteleg skjøna prinsippet om forkjøpsrett. Ein annan, men mindre viktig skilnad er at Ingarani, som tyder England åleine, er gjennomført brukt i maoriversjonen, medan «det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland» er brukt i det første avsnittet i den engelske.

Forståinga av teksten vert vidare komplisert av det faktum at, på den tid, var maorisamfunna muntlege i langt større grad enn skriftlege. Maoriar som var til stades ved underteikninga av traktaten ville derfor leggja meir vekt på og ha tillit til kva Hobson og misjonærane sa, enn på ordlyden i sjølve dokumentet.[10]

Maoriane sine oppfatningar og haldningar til eigarskap og bruk av land var ulike dei som rådde i Storbritannia og i Europa. Høvdingane såg på seg sjølve som «kaitiaki» eller vaktarar av landet, og ville etter sine tradisjonar gje løyve til å bruka land til eit spesielt føremål og i eit bestemt tidsrom. Somme av dei kan ha tenkt at dei leigde ut landet utan å selja det, og slik kome i konflikt med nybyggjarane.

Verknader av traktaten endre

 
James Busby

Waitangitraktaten vart aldri ratifisert av Storbritannia, og hadde inga rettsleg tyding på New Zealand inntil han fekk avgrensa anerkjenning i 1975. Kolonisekretariatet og dei første guvernørane på New Zealand slutta i førstninga sterkt opp om traktaten, då han gav dei autoritet over både nybyggjarar som var bringa inn i landet av New Zealand Company, og over maoriane. Etter som krona skaffa seg vesentleg meir herredøme over New Zealand, vart traktaten mindre nyttig, sjølv om han vart brukt til å rettferdiggjera påstanden om at maoriar i Waikato og Taranaki var opprørarar mot krona i krigane på 1860-talet. Rettsavgjerder seinare i det 19. hundreåret kalla traktaten ein «legal nullitet» som både rettsvesen og styresmakter kunne sjå bort frå. Dette argumentet vart underbygd med påstanden om at New Zealand hadde vorte ein koloni som vart annektert ved proklamasjon i januar 1840, før traktaten vart underteikna. I tillegg hadde Hobson berre gjort krav på Nordøya i traktaten. Han gjorde krav på Sørøya for Storbritannia med dei rettar oppdaginga av øya gav, og ved å peika på at maoriane var så fåtallige på Sørøya at ho i røynda kunne sjåast på som ubygd.

Trass i dette brukte maoriane ofte traktaten som argument i ei rekkkje saker, mellom desse større grad av fridom og attendegjeving av konfiskert eller urettvist tileigna land. Dette vart spesielt tilfelle frå midt på 1800-talet då maoriane kom i mindretal i landet og i røynda miste kontrollen over det meste av landet.

Den kortsiktige verknaden av traktaten var å hindra sal av maoriland til andre enn den britiske krona. Dette var meint å skulle verna maoriane frå snuskete og uærlege kjøp av land som gav dei minimal kompensasjon, slik det hadde hendt for urinnbyggjarar i andre delar av verda. Og New Zealand Company, som hadde skjøna at ein traktat var i emning, gjorde fleire snøgge landkjøp og skipa nybyggjarar frå England til New Zealand, og rekna med at dei ikkje ville verta bortviste frå land dei hadde busett seg på. Endeleg var traktaten ein freistnad på å få på beina eit system med eigedomsrett for land, der krona såg etter og kontrollerte sala, for å hindra misbruk.

I førstninga gjekk dette godt. Maoriane var viljuge til å selja land, og nybyggjarane interesserte i å kjøpa. Krona såg til at dei rette eigarane til landområda vart identifiserte (noko som var vanskeleg der land var eigd av stammar), og skikkeleg betalte, etter den tids standard. Men etter ei stund vart maoriane misnøgde og mindre viljuge til å selja, medan krona stod under aukande press frå nybyggjarar som ville kjøpa. Følgjene vart at agentar som kjøpte land til krona, vart involverte i ei rekkje tvilsame handlar. Avtalar kunne stundom gjerast med berre ein av eigarane til stammeområde, og i somme tilfelle vart i tillegg land kjøpt av urettmessige seljarar. Til slutt førte dette til New Zealand-krigane som kuliminerte i konfiskering av store delar av Waikato og Taranaki.

I åra etterpå vart denne tilsynsrolla tillagt Landretten, seinare namngjeven som Maori Land Court. Det var gjennom avgjerder i desse rettsinstansane at mykje maoriland vart avhenda, og måten dei fungerte på er sterkt kritisert i dag. Over tid har den sida av traktaten som tok føre seg kjøp av land vorte mindre viktig, medan dei klausulane i traktaten som handla om emne som suverenitet og og rettane til maoriane, har fått eit sterkare fokus.

Sjølv om traktaten ikkje er gyldig lov, fekk han offentleg interesse då Treaty House (Traktathuset) og tomta omkring det i Waitangi vart kjøpt av generalguvernør Bledisloe først på 1930-talet og gjeve til nasjonen. Overleveringa av området i 1934 som eit nasjonalt arvestykke, var truleg den første større tilskipinga omkring traktaten som hadde funne stad sidan i 1840. Gjennom storparten av 1900-talet har lærebøker, kunngjeringar frå styresmaktene og mange historikarar omtala traktaten som det moralske grunnlaget til koloniseringa, og til å framheva rasetilhøva på New Zealand som betre enn dei tilsvarande i koloniane i Nord-Amerika, Afrika og Australia. Traktaten sin manglande juridiske styrke, heilt frå 1840, og dei seinare brota på han, vart for ein stor del oversette fram til 1970-talet då desse sakene vart tekne fram i lyset av maori-protestrørsla.

Traktaten sin legale status endre

Waitangitraktaten har i seg sjølv aldre vorte ratifisert eller gjort lovkraftig eller sett på som ein del av det newzealandske lovverket, sjølv om han kjem til syne i autoritative samlingar av traktatar, og stundom vert vist til i særskilte tilfelle av lovgjeving.

Det er to viktige emne som den juridiske debatten omkring traktaten har dreia seg om:

  • Om traktaten var middelet den britiske krona brukte for å oppnå suverenitet over New Zealand, og
  • Om traktaten er bindande for krona eller ikkje.

Suverenitet endre

Dei fleste juridiske teoriar på 1800-talet meinte at dersom ein traktat skulle vera gyldig, måtte båe partar sjølve vera eller representera styresmakter med herredøme over dei landområda dei hadde, eller påstod seg å representera. Det har vore påstått at sidan det ikkje var noko sentralt styre på New Zealand i 1839, og sidan maorihøvdingane ikkje styrte territoria sine slik europeiske monarkar eller styresmakter gjorde, var dei ikkje i stand til å ha eller å gje over suverenitet over New Zealand. Derfor fekk britane herredøme over New Zealand med rettar som botna i oppdaging, busetnad og/eller erobring. Dette argumentet erkjenner at maoriane var på New Zealand først, men ettersom dei ikkje hadde organiserte styringsformer, var dette utan verdi.

Seinare det på den andre sida blitt hevda at maoriane på den tida hadde styringsorgan, men ikkje i den europeiske tydinga. Å påstå at den europeiske meininga med styre er den einanste tom tel, vert av denne parten sett på som eurosentrisk og rasistisk.

Andre meiningar går på at same kva form det maoriske styresettet hadde i 1839, hadde britane godkjent herredømet deira alt med erklæringa Declaration of the Independence of New Zealand som var anerkjent av kong Vilhelm IV i 1835 og ved å tilby dei Waitangitraktaten. Sidan båe partar hadde godkjent traktaten, var han derfor gyldig, i alle fall i pragmatisk om ikkje i juridisk tyding.

Eindel maoriaktivistar meiner at påstanden om at Waitangitraktaten overførte overherredømme frå høvdingane til krona er feil. Der er to argument som stør desse påstandane:

  • Maoriversjonen av traktaten overfører ikkje overherredømme, men berre Kawanatanga, og det er ikkje det same, og
  • At maoriane vart «lurte» til å underteikna traktaten, slik at heile dokumentet er ugyldig.

Er traktaten bindande for staten? endre

Medan dette spørsmålet mest er av akademinsk interesse, sidan krona har suverenitet på New Zealand, same korleis ho fekk han, har spørsmålet om i kor stor grad styresmaktene på New Zealand eller krona treng å ta omsyn til traktaten vore sterkt omstritt heilt sidan 1840. Dette har vore tema i ei rekkje rettsavgjerder:

  • I ei rettssak i 1847 vart traktaten kjend bindande for kruna.
  • I 1877 kalla dommar James Prendergast traktaten «ein simpel nullitet», og hevda at han korkje var gyldig som traktat eller bindande for krona. Sjølv om statusen til traktaten ikkje var hovudsak i denne rettssaka, vart dommar Pendergast sin dom om traktaten sin verdi sett på som endeleg i mange tiår.
  • I ei sak i 1938 vart traktaten sett på som gyldig med tanke på overføring av sjølvstende, men i følgje domen var han ikkje ein del av det newzealandske lovverket, og ikkje bindande for krona.
  • Domen i ei sak mellom New Zealand Maori Council og Statsadvokaten i 1987, også kjend som SOE (State-Owned Enterprises of New Zealand) (Statseigde newzealandske verksemder), definerte «prinsippa i Waitangitraktaten». Lova om statseigde verksemder slo fast at ingenting i denne lova tillet styresmaktene å handla i strid med prinsippa i Waitangitraktaten, og dei føreslegne sala av statseigedommar vart funne å vera brot på desse. Denne domen grunnla prinsippet om at dersom Waitangitraktaten er nemnd i ein del av ei lovgjeving, vil han stå over andre delar av denne lovgjevinga om dei måtte koma i konflikt.
  • I 1990 vart det avvsagt ein dom i ei anna sak mellom dei same partane. Denne saka dreia seg om frekvensar for FM radio, og domen fastslo at traktaten kunne vera relevant sjølv i lovgjeving som ikkje nemnde han.[11]

Lovgjeving endre

Den engelske versjonen av Waitangitraktaten verka som ei ramme om lova Waitangi Day Act i 1960 (og ved seinare endring i 1976), men dette gjorde ikkje teknisk traktaten til ein del av lovverket. Lova Treaty of Waitangi Act som kom i 1975 oppretta Waitangitribunalet, men dette hadde i førstninga svært lita makt. Eit tillegg i lova i 1985 auka medlemstalet i tribunalet og gav det mynde til å etterforska brot på traktaten heilt attende til 1840. Medlemstalet vart vidare auka ved eit nytt lovtillegg i 1988.

Den første gongen Waitangitraktaten vart teken med i lovgjevinga på New Zealand, var i lova om statsverksemder (State-Owned Enterprises of New Zealand) i 1986. Lova slår fast at krona ikkje har høve til å handla på ein måte som ikkje står i samsvar med traktaten. Dette gav rettsinstansane rett til å prøva om krona sine handlingar samsvara med prinsippa i traktaten (sjå under). Anna lovgjeving følgde dette mønsteret, og har på den måten gjeve traktaten ein større legal tyngde.

Prinsippa i Waitangitraktaten endre

 
Ei utgåve av Waitangitraktaten på museum i Waitangi.

«Prinsippa i traktaten» vert ofte nemnde i samtidspolitikken på New Zealand.[12] Dei stammar frå saka som vart lagt fram for Høgsteretten av organisasjonen New Zealand Māori Council (New Zealand Māori Council v. Attorney-General[13]) i 1987. Det var på den tida uro kring den pågåande restruktureringa av den newzealandske økonomien ved den dåverande Labour-regjeringa, særleg kring overføringa av statlege midlar til statseigde verksemder. Fordi statseigde verksemder i røynda var private firma som staten eigde, ville maoriar at midlar som tidlegare var gjevne av maoriane til statleg bruk, skulle leverast attende til dei gjennom Waitangitribunalet. Maoriane fann støtte i kapittel 9 i lova om statsføretak av 1986 som seier: «Ingen ting i denne lova skal tillata krona handlingar som på nokon måte er i strid med prinsippa i Waitangitraktaten».

Appellretten på New Zealand (The Court of Appeal of New Zealand) fastslo i 1987 i ein dom av sin dåverande president, sir Robin Cooke, følgjande prinsipp i Waitangitraktaten:

  • Tileigning av suverenitet i byte mot vern av rangatiratanga (høvdingskap, sjølvråderett).
  • Traktaten grunnlegg eit partnarskap, og pålegg partane plikt til å opptre fornuftig og med god vilje.
  • Retten kruna har til å styra.
  • Plikta kruna har til aktivt vern om traktaten og hans prinsipp.
  • Plikta kruna har til å retta opp att tidlegare brot på traktaten.
  • Retten maoriane har til å oppretthalda rangatiratanga over sine ressursar og taonga, og til å ha alle føremunar med borgarskap.
  • Plikt til høyringar (konsultasjonar).

I 1989 aksepterte Labour-regjeringa på New Zealand dei følgjande prinsippa «Principles for Crown Action on the Treaty of Waitangi» (Prinsipp for statleg handsaming av Waitangitraktaten):

Styrings- eller kawanatangaprinsippet
Artikkel 1 uttrykkjer krona sin rett til å laga lover og plikt til å styra i samsvar med konstitusjonelle prosessar. Denne retten har kruna oppnådd ved å lova og tilgodesjå — med ein høveleg prioritet — maoriane sine interesser som er rekna opp i artikkel 2. Dette prinsippet handlar om balansen mellom artiklane 1 og 2: maoriane si overgjeving av suverenitet til kruna i byte mot vern. Der er ein føresetnad i denne samanhengen at «Staten har rett til å styra og laga lover».
Sjølvstyreprinsippet (rangatiratangaprinsippet)
Artikkel 2 garanterer maori-hapuar (stammar, understammar) kontroll med og utnytting av dei ressursar og taonga (verdiar) som dei ønskjer å halda på. Ivaretaking av ressursgrunnlag, fornying av stammane sine sjølvstyre og aktivt vern av taonga, både materielt og kulturelt, er naudsynte element i staten sin politikk for å styrkja prinsippet om rangatiratanga.
Regjeringa godtok også apellretten si vektlegging på aktivt vern, men såg som hovudprinsippet her rettane til iwi å organisera seg som iwi og — etter lova — rå over eigne ressursar.
Likskapsprinsippet
Artikkel 3 opprettar ein garanti for likskap for lova mellom maoriar og andre borgarar på New Zealand. Dette betyr at alle newzealandske borgarar skal handsamast likt i lovene. Dessutan er den newzealandske rettsordninga (common law), utpeika gjennom traktaten som basis for denne likskapen, sjølv om menneskerettar som er aksepterte i internasjonal rett også er innarbeida. Artikkel 3 har ein viktig sosial verdi i den innbygde forsikringa om at alle sosiale rettar skal koma like mykje maoriane til gode, som alle andre newzealandske borgarar, uavhengig av opphav.
Prinsippet om konstruktivt samarbeid
Krona ser på traktaten som eit rettferdig grunnlag for to folkeslag i eitt land. Dualisme og monisme er båe viktige omgrep. I dualismeomgrepet ligg mellom anna høvet til å utvikla eigne kulturelle særtrekk, medan monisme krev sams interesser, mål og samarbeid. Å binda saman eit samfunn og samstundes utviklia særeigne interesser, er avhengig av samarbeid, og dette er ei plikt som traktaten pålegg båe partar. Konstruktivt samarbeid finn berre stad der saker som er viktige for båe partar vert drøfta med god vilje og sunt vit, og for krona er det ein føresetnad at resultatet av dette er semje.
Vederlagsprinsippet
Kruna vedgår å ha ansvar for å få i stand ein prosedyre som skal føra fram til løysingar på klagemål på grunn av Waitangitraktaten. Denne prosessen kan involvera rettsinstansar, Waitangitribunalet eller innebera direkte forhandlingar. Vilkåra for erstatning, der føresetnadane er oppfylte, må sjå på dei praktiske utslaga dei gjev, og unngå å skapa ny urettferd. Dersom krona viser velvilje under denne erstatningsprosessen, ventar ho å oppnå forlik.

Traktatbrot endre

 
Treaty House (Traktathuset) i Waitangi.

Sidan seint på 1960- og utover på 1970-talet har Waitangitraktanen stått i fokus for ei sterk maori-protestrørsle som har samla opprop for å få styresmatene til å visa «respekt for traktaten» og å «erstatta traktatbrot». Maoriar har uttrykt sin frustrasjon over stadige brot på traktaten med etterfølgjande lovgjeving og lovleggjering av styresmaktene, så vel som ulovlege og usympatiske avgjerdsler av Landretten (Maori Land Court), som frådømde maorieigarar landet deira.

Den 10. oktober 1975 vart lova Treaty of Waitangi Act, som skulle sørgja for etterleving og stadfesting av prinsippa i traktaten, vedteken. I medhald av lova vart Waitangitribunalet etablert som ein høyringsinstans for klager på offentlege brot på Waitangitraktaten. Opphavleg var Tribunalet sitt mandat avgrensa til nyare klagemål, men i 1985 vart dette utvida til å kunna granska alle kruna sine handlingar attende til 1840, inkludert perioden under Newzealandkrigane.

Sidan tidleg på 1990-talet har styresmaktene gjort avtalar om historiske (før 1992) krav. Inntil februar 2006 var det kome i stand 20 slike avtalar av ulik storleik, med ein total erstatningssum på om lag 700 millionar NZD. Vederlaga omfattar generelt finansiell erstatning, ei formell orsaking frå kruna for brot på traktaten, og stadfesting av gruppa sine kulturelle bindingar til ulike stadar.

Medan det på 1990-talet var brei semje mellom dei største politiske partia at ein avtale om historiske krav måtte på plass, har dette i dei seinare åra vorte eit emne for oppheita debatt. Påstandar om krav frå «ein klageindustri etter Waitangitraktaten» som gjer forteneste på urealistiske krav om traktatbrot, er sette fram av ei rekkje politikarar, mellom desse den tidlegare leiaren av National Party , Don Brash. Sjølv om krav som dreier seg om tap av landrettar maoriane har hatt er relativt ukontroversielle, har debattane ofte krinsa om kring saker som fell utanom lovforståing om eigedom, eller om teknologi som har kome til etter koloniseringa, som til dømes rediofrekvensar og vern av språk.

Waitangitraktaten i dag endre

Sidan sist på 1980-talet er traktaten vorte mykje meir juridisk viktig, men fordi der enno er uvisse og usemje om meining og omsetjing, har han ikkje fått nokon fast plass i newzealandsk lovverk eller rettsvitskap.

På grunn av den korte lengda og avgrensa ramma, er Waitangitraktaten ikkje eit høveleg dokument for ei formell skriftleg grunnlov (konstitusjon), og vert heller ikkje sett på som eit slikt. Men han vert halden for eit viktig dokument, og prinsippa i traktaten påverkar såleis politiske og legale synspunkt på New Zealand.

Sjå òg endre

Kjelder endre

Referansar endre

  1. 1,0 1,1 Michael King (2003). The Penguin History of New Zealand. Penguin Books. ISBN 0-14-301867-1. 
  2. Scholefield, G. (1930). Captain William Hobson. s. 202-203.(Instruksar frå Lord Normanby til kaptein Hobson - 14. august 1839).
  3. King, Marie. (1949). A Port in the North: A Short History of Russell. s. 38.
  4. William Colenso. (1890). The Authentic and Genuine History of the Signing of the Treaty of Waitangi. Wellington: Government Printer.
  5. Brent Kerehona. (2007). Born for War: New Zealand's Military History - A Family Perspective. (Utkast).
  6. Claudia Orange (2004). An Ilustrated History of the Treaty of Waitangi. Wellington: Bridget Williams Books. s. 42. ISBN 1-877242-16-0. 
  7. «Treaty of Waitangi to be moved from Archives to National Library». Wellington.scoop.co.nz. 12. juni 2012. 
  8. Ruth M. Ross (1972). Te Tiriti o Waitangi: Texts and Translations New Zealand Journal of History. 6.6, no.2. Auckland. s. 139–41. .
  9. Judith Binney (1989). The Maori and the Signing of the Treaty of Waitangi i Towards 1990: Seven Leading Historians Examine Significant Aspects of New Zealand History. Wellington. s. 20–31. 
  10. Belich, James (1996), Making Peoples: A History of the New Zealanders from Polynesian Settlement to the End of the Nineteenth Century, s.195–6.
  11. Durie, Mason (1998), Te Mana, Te Kawanatanga: The Politics of Maori Self-Determination, s. 179–84.
  12. He Tirohanga ō Kawa ki te Tiriti o Waitangi: a guide to the principles of the Treaty of Waitangi as expressed by the Courts and the Waitangi Tribunal (PDF). Te Puni Kokiri. 2001. ISBN 0-478-09193-1. Henta 14.09.2008. 
  13. David Williams (2002). «Honouring the Treaty of Waitangi – Are the Parties Measuring Up?». Murdoch University Electronic Journal of Law 9 (3. september 2002).  Williams er Associate Professor ved University of Auckland Faculty of Law

Bakgrunnsstoff endre