Waiting for the Sun

Waiting for the Sun
Studioalbum av The Doors
Språk engelsk
Utgjeve 3. juli 1968
Innspelt Januar til mai 1968, «We Could Be So Good Together» spelt inn mai til august 1967
Studio TTG Studios i Hollywood i California
Sjanger Psykedelisk rock, acid rock
Lengd 33:10
Selskap Elektra
Produsent Paul A. Rothchild
The Doors-kronologi 
Strange Days
(1967)
Waiting for the Sun The Soft Parade
(1969)


Singlar frå Waiting for the Sun
  1. ««The Unknown Soldier»»
    Utgjeve: March 1968
  2. ««Hello, I Love You»»
    Utgjeve: June 1968

Waiting for the Sun er det tredje studioalbumet til The Doors. Det kom ut i 1968 og vart det første og einaste albumet av bandet som nådde toppen av den amerikanske albumlista. I tillegg inneheld det hitsingelen «Hello, I Love You», som òg gjekk heilt til topps på singellista. Det vart det første hit-albumet deira i Storbritannia, der det nådde 16. plassen på lista.

Med unntak av to songar, vart det meste av songane for dette albumet skriven etter dei første songane bandet skreiv for dei to første albuma. Mange av songane vart skapte i studio med produsenten Paul A. Rothchild. Dei måtte ha mange forsøk på å spele inn songane og på eit tidspunkt vart trommeslagaren John Densmore så frustrert av oppførselen til Morrison at han forlet studio. Sjølv om The Doors brukte mange forsøk på å spele inn den teatralske «Celebration of the Lizard» og han var meint å ta opp heile andresida av albumet, vart denne skrinlagd. Men eit segment av stykket kalla «Not to Touch the Earth» vart med på albumet og heile teksten til «Celebration of the Lizard» vart trykt i plateomslaget. Songen «Waiting for the Sun» vart òg spelt inn for innspelinga av albumet, men kom ikkje ut før på albumet Morrison Hotel i 1970. Plateomslaget vart fotografert av Paul Ferrara i Laurel Canyon i Los Angeles.

I høve 50-årsjubileet for albumet i 2018, vart det gjeve ut ein dobbel-CD av albumet på Rhino Records.

Innspeling endre

Innspelinga av Waiting for the Sun var vanskeleg for bandet. Dei hadde brukt opp det meste av den originale songboka til frontmannen Jim Morrison, ei samling av tekstar og idear som dei nytta på dei to første albuma. Etter fleire månader med turnear, intervju og fjernsynsframrøfingar, hadde dei derfor lite nytt. For å kompensere prøvde bandet å spele inn eit lengre stykke kalla «The Celebration of the Lizard», ei samling av songfragment heldt saman av dei ofte surrealistiske dikta til Morrison. Då dei ikkje klarte å sy det saman, gav bandet og produsenten Paul A. Rothchild opp innspelinga. Gruppa spelte derimot heile stykket i 1970 på konsertalbumet Absolutely Live. Rothchild byrja å bli stadig meir perfeksjonistisk og dette byrja å lite på bandet. Kvar song på albumet kravde minst 20 forsøk og «The Unknown Soldier», som vart spelt inn i to delar, kravde 130 forsøk.[1]

Komposisjon endre

Waiting for the Sun inneheld den andre singelen deira som gjekk til topps på singellista i USA, «Hello, I Love You.» Det var ein av dei siste songane blant dei Morrison hadde skrive i 1965 og bandet hadde spelt inn ein demo av denne for Aura Records i 1965 før gitaristen Robby Krieger vart med i gruppa. Det same gjaldt «Summer's Almost Gone». I teksten i plateomslaget til Box Set, nekta Krieger for skuldingane om at den musikalske strukturen til songen var stolen frå Ray Davies, der riffet i songen liknar riffet på The Kinks-songen «All Day and All of the Night». I staden meinte han at stemninga i songen var teken frå Cream-songen «Sunshine of Your Love». I følgje ein biografi om Morrisey frå 1980, No One Here Gets Out Alive, dømde retten i Storbritannia til fordel for Davis og royalties for songen måtte betalast til han.[2]

Waiting for the Sun inneheld to songar med militært tema: «Five to One» og «The Unknown Soldier». I No One Here Gets Out Alive spekulerer Jerry Hopkins at songen verkar å vere ein parodi på all den naive revolusjonsretorikken som ein kunne høyre i gatene frå «hippiane/blomsterbarna» som Morrison såg i stadig større mengder utafor konserthallane. Ei linje i det siste verset støttar denne tolkinga: «Your ballroom days are over, baby». Dei følgjande linjene («Night is drawing near/Shadows of the evening/crawl across the years») kan Morrison ha teke frå ein godnattsong frå 1800-talet kalla «Now the Day is Over» («Now the day is over/Night is drawing nigh/Shadows of the evening/Steal across the sky»).[3]

«The Unknown Soldier» er eit døme på ein filmaktig tilnærmingsmåte til musikken deira. I byrjinga og etter den midtre delen av songen kan ein høyre ein mystisk orgellyd som synet til mysteriet om «den ukjende soldaten». I midten av songen skapte Doors lyden av det som høyrest ut som ein militær marsj. Det byrjar med militære trommer og lyden av ein sersjant som roper («HUP, HUP, HUP, 2, 3, 4»), før han seier «COMPANY! HALT! PRESENT! ARMS!», etterfølgd av lyden av gevær som blir ladde og ein lang trommevirvel, ein pause og så skot. På konsertane deira heldt Krieger gitaren sin mot Morrison som om det var eit gevær. Trommeslagaren John Densmore etterlikna eit geværskot med å slå hardt på kanten av skarptromma. Klaverspelaren Ray Manzarek heldt handa si opp og let handa falle som om han gav eit signal og Morrison fall skrikande ned på golvet. Etter den midtre delen går Morrison attende til verset, som vert sungen i ein meir trist tone for å «lage ei grav for den ukjende soldaten». Songen endar med at Morrison ekstatisk feirar at krigen er over med lyden av publikum som jublar og bjøller som ringjer. Bandet filma ein video for songen, som kom ut på singel og vart den fjerde topp 40-hitten deira på rad.

 
The Doors spelar på dansk fjernsyn i 1968

Midtpunktet på albumet var meint å vere det lange, teatralske stykket «Celebration of the Lizard», men til slutt vart berre delen kalla «Not to Touch the Earth» brukt. Mot slutten av «Not to Touch the Earth,» seier Morrison «I am the Lizard King/I can do anything.» Opningslinja av songen, «Not to touch the earth/not to see the sun» var henta frå innhaldslista for The Golden Bough. Krieger speler flamencogitar på «Spanish Caravan», med ein omarbeidd melodi frå det klassiske stykket Asturias (Leyenda) som var komponert av Isaac Albéniz. Den optimistiske «We Could Be So Good Together» vart spelt inn under innspelinga for Strange Days, og er til og med på sporlista for tidlege utgåver av albumet. Ei melding i magasinet Slant[4] skreiv at songen «kategorisk skildrar tida før Morrison vart kjendis» og peikte på linja «The time you wait subtracts from joy» som ein slags hippieidealisme songaren hadde gjeve opp for lenge sidan. «Wintertime Love» og den sørgmodige «Summer's Almost Gone» har begge årstidstema, medan den rolege «Yes, the River Knows» vart skriven av Robby Krieger. I plateomslaget til Box Set snakkar Manzarek varmt om sistnemnde: «Samspelet mellom pianoet og gitaren piano er så vakkert. Eg trur ikkje Robby og eg har spelt å sensitivt i lag. Det var det nærmaste me kom til å vere Bill Evans og Jim Hall.» I same tekst omtaler Manzarek «Summer's Almost Gone» som «ein kul latino-bolero-sak med eit Bach-aktig mellomspel. Det handlar om den flyktige karakteren til livet. Ei årstid med glede lys og latter går mot slutten.» Medan dei spelte inn «My Wild Love», gav bandet til slutt opp på musikken og gjorde han om til ein arbeidssong der alle involverte kom inn i studio og klappa hender, trampa og song i lag.[1] Morrison skreiv «Love Street» for kjærasten Pamela Courson, og som alle dei andre songane om eller dedisert til ho, var det ein nælande eller bitande avvising mot slutten («I guess I like it fine, so far»).[5] Tittelsporet «Waiting for the Sun» kom ikkje med på dette albumet og kom først ut i 1970 på albumet Morrison Hotel.

Utgjeving endre

Waiting for the Sun kom ut 3. juli 1968. Albumet har seld over ni million eksemplar.

Ei studioutgåve av «Celebration of the Lizard» (med undertittelen «An Experiment/Work in Progress») og to tidlege forsøk på «Not to Touch the Earth» kom ut som bonusspor på 40-årsjubileumsutgåva av albumet.

I 2018 gav Rhino Records ut ei dobbel CD-utgåve av albumet i høve 50-årsjubileet.[6] Den andre CD-plata inneheldt 14 spor som ikkje før var gjevne ut, men har ikkje med bonusspor frå 40-årsjubileumsutgåva

Mottaking endre

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic     [7]
MusicHound3.5/5[8]
Rolling Stone(middels)[9]
The Rolling Stone Album Guide     [10]
Slant Magazine     [11]
Virgin Encyclopedia of Popular Music     [12]

Waiting for the Sun har generelt fått god kritikk av kritikarane, men dei fleste er samde om at det var eit steg ned i kvalitet samanlikna med dei to første albuma. Jim Miller i Rolling Stone skreiv «Etter eitt og eit halv år med faktene til Jim Morrison, kunne ein logisk nok ha håpa på ein slags musikalsk utvikling, og sjølv om dette nye albumet ikkje er veldig dårlig, er det ikkje særleg spanande heller.»[9] New Musical Express trekte fram «The Unknown Soldier» som eit høgdepunkt på side ein, medan «alle på side to er juvelar, særleg 'My Wild Love' og den lange finale 'Five to One'.»[13] I ei seinare melding skreiv Richie Unterberger i AllMusic «The Doors-albuma frå 1967 hadde skapt så høge forventningar at det tredje albumet deira vart møtt med stort vonbrot. Med eit par unntak var materialet deira mildare, og sjølv om dette gav nokre fine melodiske balladar er det ikkje tvil om at låtskrivinga ikkje var like imponerande som på dei to første platene.»[7] I 2007 skreiv Sal Cinquemani i Slant at «Trass i at Morrison var byrja å bli eit sjølvøydeleggjande rot, var aldri Krieger, Ray Manzarek og John Densmore meir skinande - kanskje for å kompensere. Dette var bandet på sitt mest hendige, kreative og musikalsk mangfaldige.»[11]

Innhald endre

Alle songar er skrivne av Jim Morrison, Robby Krieger, Ray Manzarek og John Densmore.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Hello, I Love You»2:14
2.«Love Street»2:53
3.«Not to Touch the Earth»3:56
4.«Summer's Almost Gone»3:22
5.«Wintertime Love»1:54
6.«The Unknown Soldier»3:23
Side to
Nr.TittelLengd
7.«Spanish Caravan»3:03
8.«My Wild Love»3:01
9.«We Could Be So Good Together»2:26
10.«Yes, the River Knows»2:36
11.«Five to One»4:26
Bonusspor på 40-årsjubileumsutgåva
Nr.TittelLengd
12.«Albinoni's Adagio in G-minor»4:32
13.«Not to Touch the Earth» (dialog)0:38
14.«Not to Touch the Earth» (Take 1)4:05
15.«Not to Touch the Earth» (Take 2)4:18
16.«Celebration of the Lizard»17:09
Bonnussplate til 50-årsjubileumsutgåva
Nr.TittelLengd
1.«Hello, I Love You» (Rough Mix)2:23
2.«Summer's Almost Gone» (Rough Mix)3:23
3.«Yes, the River Knows» (Rough Mix)2:38
4.«Spanish Caravan» (Rough Mix)2:57
5.«Love Street» (Rough Mix)3:05
6.«Wintertime Love» (Rough Mix)1:56
7.«Not to Touch the Earth» (Rough Mix)3:57
8.«Five to One» (Rough Mix)4:23
9.«My Wild Love» (Rough Mix)3:00
10.«Texas Radio & The Big Beat» (Live at Falkoner Centeret, Copenhagen 9/17/68)1:33
11.«Hello, I Love You» (Live at Falkoner Centeret, Copenhagen 9/17/68)2:27
12.«Back Door Man» (Live at Falkoner Centeret, Copenhagen 9/17/68)2:06
13.«Five to One» (Live at Falkoner Centeret, Copenhagen 9/17/68)4:38
14.«The Unknown Soldier» (Live at Falkoner Centeret, Copenhagen 9/17/68)4:53

Medverkande endre

The Doors
Andre medverkande
Teknisk

Salslister endre

Album endre

Liste (1968) Plassering
Canada Top Albums/CDs (RPM)[14] 3
Tyske album (Media Control)[15] 20
Britiske album (OCC)[16] 16
US Billboard 200[17] 1

Singlar endre

År Singel Liste Plassering
1968 «The Unknown Soldier»
B-side: «We Could Be So Good Together»
Pop Singles 39[17]
1968 «Hello, I Love You»
B-side: «Love Street»
Pop Singles 1[17]

Salstrofé endre

Region Salstrofé Salstal
Canada (Music Canada)[18] Platina 100 000^
Frankrike (SNEP)[19] 2× Gull 200 000*
Tyskland (BVMI)[20] Gull 250 000^
Storbritannia (BPI)[21] Gull 100 000^
USA (RIAA)[22] Platina 1 000 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Hopkins 1980, s. 179.
  2. Adrian Deevoy (11. mai 2017). «The Kinks’ Ray Davies: Brexit is ‘bigger than the Berlin Wall’». The Guardian. Henta 26. juli 2019. 
  3. «Now the Day is Over». Encyclopedia-titanica.org. 12. oktober 2005. Henta 26. juli 2019. 
  4. Slant Magazine – Music Review: The Doors: Waiting For The Sun Arkivert 2008-10-18 ved Wayback Machine.
  5. Hopkins 1980, s. 112.
  6. Simpson, Dave (24. september 2018). «How we made the Doors' Hello, I Love You». The Guardian. Henta 24. september 2018. 
  7. 7,0 7,1 Unterberger, Richie. «Waiting for the Sun – The Doors | Songs, Reviews, Credits, Awards | AllMusic». Henta 27. juli 2019. 
  8. Graff, Gary; Durchholz, Daniel (eds) (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide. Farmington Hills, MI: Visible Ink Press. s. 358. ISBN 1-57859-061-2. 
  9. 9,0 9,1 Miller, Jim (28. september 1968). «[Waiting for the Sun review]». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 27. desember 2014. Henta 27. juli 2019. 
  10. «The Doors: Album Guide». rollingstone.com. Arkivert frå originalen 6. januar 2013. Henta 31. august 2015. 
  11. 11,0 11,1 Cinquemani, Sal (18. april 2007). «The Doors: Waiting for the Sun | album Review | Slant Magazine». Slant Magazine. Henta 27. juli 2019. 
  12. «The Doors Waiting for the Sun». Acclaimed Music. Arkivert frå originalen 5. april 2015. Henta 31. august 2015. 
  13. https://www.thedoors.com/news/doors-waiting-for-the-sun-review
  14. "Top RPM Albums: Nummer 5809". RPM. Library and Archives Canada. Retrieved 26. juli 2019.
  15. "Top 100 Longplay". Charts.de. Media Control. Henta 26. juli 2019.
  16. "Doors | Artist | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company. Henta 26. juli 2019.
  17. 17,0 17,1 17,2 "The Doors Album & Song Chart History" Billboard 200 for The Doors. Prometheus Global Media. Henta 26. juli 2019.
  18. «Canadian album salstrofé – The Doors – Waiting for the Sun». Music Canada. 
  19. «French album salstrofé – Doors – Waiting for the Sun» (på fransk). InfoDisc.  Select DOORS and click OK
  20. «Gold-/Platin-Datenbank (The Doors; 'Waiting for the Sun')» (på tysk). Bundesverband Musikindustrie. 
  21. «British album salstrofé – Doors – Waiting for the Sun». British Phonographic Industry.  Enter Waiting for the Sun in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
  22. «American album salstrofé – The Doors – Waiting for the Sun». Recording Industry Association of America.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH