Walensjøen, (tysk: Walensee), er ein innsjø som ligg i Foralpane i det austlege Sveits. Han ligg i og mellom kantonane Glarus og St. Gallen. Innsjøen dekker eit areal på 24 km² og er ein av dei største innsjøane i landet. Han ligg 419 meter over havet, og er 151 meter på det djupaste.

Walensee
Walensjøen
Walenstadtsjøen
innsjø
Walensee og Unterterzen i Quarten
Land  Sveits
Tilsig Linth (Escherkanal), Seez, Murgbach
Utløp Linth-kanalen
Opphaldstid 1,4258 år
Høgd over havet 419 moh.
Areal 24,19 km²
Middeldjupn 104,7 m
Største djupn 151 m
Volum 2,5 km³
Koordinatar 47°7′N 9°12′E / 47.117°N 9.200°E / 47.117; 9.200
Øyar 1
Byar Walenstadt, Weesen, Quinten, Quarten, Murg
Kart
Walensjøen
47°07′00″N 9°12′00″E / 47.116666666667°N 9.2°E / 47.116666666667; 9.2
Kart
Kart
Kart
Wikimedia Commons: Walensee

Elva Seez, som renn ut i austenden av Walensjøen, var opphavleg største tilførselkjelda til innsjøen. Mellom 1807 og 1811 vart det grave ein kanal, Escherkanalen, frå elva Linth, slik at denne elva fekk utlaup nær vestenden av den langstrekte Walensjøen. Sidan har Linth vore største vasskjelda til innsjøen. Før 1811 rann alt vatnet i Linth vidare ut i Zürichsjøen lengre vest.

Han er kalla opp etter Walenstadt. Andre byar og landsbyar ved innsjøen er Weesen, Quinten, Quarten og Murg. Churfirstenfjella stig bratt opp på nordsida av innsjøen, opp til kring 2300 moh.

Kjelder endre

Som sett frå Flumserberg