Walk Free er ein internasjonal menneskerettsorganisasjon basert i Perth i Vest-Australia. Han har som hovudmål å få slutt på alle former for moderne slaveri.[1]

Prosjektet blei grunnlagt av Grace Forrest i 2011. Walk Free er best kjend for utgjevinga av Global Slavery Index. Global Slavery Index er ei rangering av 160 land basert på prosentdelen av folkesetnaden som blir rekna å vera underlagt ei form for moderne slaveri.

I 2013 var Walk Free med på grunnlegginga av Freedom Fund, ein ikkje-kommersiell organisasjon som kjempar mot slaveri. Freedom Fund arbeider med å takle mange former for moderne slaveri i regionane der det er mest konsentrert.[2]

Kjelder endre

  1. «Walk Free | The Minderoo Foundation». Arkivert frå originalen 19. februar 2023. Henta 14. mars 2022. 
  2. «What we do | The Freedom Fund». Henta 14. mars 2022. 

Bakgrunnsstoff endre