Denne artikkelen handlar om delstaten Washington. For hovudstaden i USA, sjå Washington, D.C..

Washington er ein delstat i det nordvestlege hjørnet av USA. Hovudstaden er Olympia og den største byen er Seattle. Mellom byane Seattle og Tacoma ligg Sea-Tac International Airport. Delstaten har om lag 6 millionar innbyggjarar og eit areal på 176 620 km².

Washington
delstat
Flagg
Våpen
Land  USA
Del av det kontinentale USA
Hovudstad Olympia
Areal 184 665 km²
 - land 172 348 km²
 - vatn 12 317 km²
Folketal 7 405 743  (2017)
Folketettleik 43 / km²
Guvernør Jay Inslee (D)
Før innlemming Washingtonterritoriet
Innlemma i USA 11. november 1889
Statsnummer 42.
Forkorting WA
Kart
Washington
47°30′N 120°30′W / 47.5°N 120.5°W / 47.5; -120.5
Wikimedia Commons: Washington (state)
Nettstad: access.wa.gov

Washington vart amerikansk delstat i 1889. Han er den einaste delstaten som er oppkalla etter ein president i USA. Delstaten vart oppkalla etter den fyrste presidenten i USA, George Washington. Statens blom er rhododendron som veks godt i den sure jorda vestpå, og som veks vilt på Kitsap Peninsula heilt i vest.

Geografi endre

Langs med kysten ligg det store, nedbørrike område som er godt eigna for skog- og jordbruk. Lenger austover ligg den alpine fjellkjeda Kaskadefjella (Cascade Mountains) som går nord-sør. Her ligg òg vulkanen Mount Rainier som er eit kjent landemerke i delstaten. Aust for Kaskadefjella ligg det flate område, med byane Yakima og Spokane, der det fell lite nedbør.

Næringsliv endre

Dei mest kjende selskapa i delstaten er antakeleg Microsoft og Boeing. Delar av den amerikanske Stillehavsflåten har sine basar i delstaten.