Wassail er ein britisk juletradisjon med røter tilbake til mellomalderen. Ordet kan visa til ein skikk med å vitja anten naboar eller husdyr, havet eller dyrka mark og så synga, drikka og ofra for eit godt år. Ordet «wassail» kan visa til det å feira eller drikka wassail, eller vera namnet på ein krydra drikk laga spesielt til feiringa. Skikken er kjend frå ulike delar av Storbritannia, men har særleg stått sterkt i Sør-England. Wassailing er gjerne knytt til ein særskild dag, som julaftan, nyttårsaftan, heilagetrekongarsaftan (7. januar eller, etter gammal kalender, 17. januar) eller kyndelsmesse. Ein kunne ha ei eiga forseggjort wassailskål til å utføra wassail med.

Wassailfeiring med faklar og eplesider i ein frukthage i West Sussex.
Mummerspelarar samla rundt ei wassailskål på heilagetrekongarsaftan.

Ordsoge og opphav endre

«Wassail» kjem frå mellomengelsk wæs hæil, 'ver (ved god) helse', som igjen kjem frå norrønt ves heill. Opphavleg blei det brukt på same måte som «skål», og det vanlege svaret var drinkhail, 'drikk helse'. På 1100-talet la normannarar fram denne skikken som typisk for engelskmenn. Etterkvart gjekk ordet over til å berre bli brukt i visse lokale dialektar og i samband med midtvinterskikken wassail. Denne skikken er også kjend under andre namn, som waysailing, vessel-cup og (apple) howling. I Wales blei skikken kalla til canu gwasael.[1]

Skikken har tydeleg heidensk preg, men blei etterkvart kristna ved at offer for eit godt nytt år blei til signingar og bøner til Gud om det same. Geistlege deltok i rituala og ein song wassailsongar i kloster. I nyare tid finst både kristne og nyheidenske wassailar.

 
The Wassail (1900) av Charles Rennie Mackintosh.

Fest og vitjing endre

Wassaildrikking kunne gå ut på at eit hushald høgtideleg drakk frå éin kopp med krydra drikke, etterkvart også frå fleire skåler. Husbonden drakk først og sende skåla vidare. Denne skikken er mellom anna kjend frå tudortida. I mange rikare hus kunne ein ha store, forseggjorte wassailskåler av sølv.

Vitjeversjonen av wassailing er ein julebukkaktig tradisjon. Han gjekk ut på at barn, unge kvinner eller fattige vitja hus med ei skål drikke. Både vitjarane og skåla kunne vera pynta med band og kransar. Dei kunne også bera ein kasse med ein eller to dokker som førestilte jesusbarnet og jomfru Maria. Wassailerane kunne synga eller seia fram lukkeønskande vers, og som takk få mat eller pengar. I Wales måtte vitjarane overtala bebuarane til å sleppa dei inn med vers. Dei stod på kvar si side av ei stengd dør og medan vitjarane prisa ølet, maten, elden og kvinnfolka der inne, kunne bebuarane svara med å spørja dei kvifor dei skulle sleppa inn når dei ikkje hadde vore til stades ved innhaustinga eller torvtakinga.[1]

Det finst mange julesongar er knytte til denne tradisjonen, som «Here we come a-wassailing», «Oh, where is the maid» og «We wish you a Merry Christmas». Vitjarane kunne vel så gjerne syngja ein julesong som ikkje var særleg knytt til wassailing.

 
Epletre-wassailing i West Sussex.

Signing av levebrødet endre

Bønder og fiskarar kunne wassaila det som gav dei levebrødet, som åkrane, frukttrea eller husdyra sine, eller havet for fiskarar. Å tømma øl i havet med ei bøn om godt fiske er skildra på Hebridane ved den skotske vestkysten på 1600-talet, men skal ha døydd ut rundt 1700.

Frå 1600- til byrjinga av 1900-talet er det også skildra wassailing av husdyr, gjerne storfe, i heile Storbritannia. Ein kunne då ganske enkelt drikka til husdyr, men også henga kaker på horna deira eller leia dei rundt åkrane medan ein sa visse formular. Mat og drikke til gardsarbeidarane høyrde med til feiringa.

Eit vers frå Herefordshire for wassailing av ei kvige, nedskrive i 1887, går slik:[2]

Here's a health to the heifer,
And to the white teat,
Wishing the mistress a house full of meat,
With cruds, milk and butter fresh every day,
And God grant the young men keep out of her way.
 
Morrisdansarar ved ein wassail i Bristol.

Wassailskikken har halde seg lengre levande i dei epleproduserande områda i Sørvest-England (hovudsakleg Devon, Somerset, Dorset, Gloucestershire og Herefordshire) og Søraust-England (Essex, Kent og Sussex). Her har ein ofra sider til trea med eit ønske om at dei skal gje mange store eple neste haust. Ofte vert også rista brød dyppa i sider lagt ved røtene eller hengt i greinene til trea. Vidare kan ein skremma vekk vonde makter gjennom å slå på trea med stokkar, laga mykje bråk og skyta opp i lufta med våpen. Song og dans rundt trea er også utbreidd. Hendinga kan ha ein eller to leiarar, ofte kalla wassail king og wassail queen. Wassailing av frukttre er skildra frå 1600-talet og fram til moderne tid.

Eit wassailvers nedskrive i 1791 går slik:[3]

Here's to thee, old apple-tree,
Whence thou may'st bud, and whence thou may'st blow!
And whence thou may'st bear apples enow!
Hats full! caps full! And my pockets full too! Huzza!

Eit liknande wassail-vers for epletre, gjeve ut i 1970, er slik:[3]

Apples, hatfuls, capfuls,
three bushel bagfuls,
And a little heap under the stairs.

Wassaildrikkar endre

 
Wassail-drikk laga av ale, sherry, ingefær, kanel, muskat og sitron.

Wassaildrikkar kan minna om gløgg i og med at dei er drikkeblandingar som ofte blir serverte oppvarma. Tradisjonelt har ein brukt sider, øl eller vin til å laga drikken. Vidare kan ein tilsetja sukker, kanel, ingefær og muskat. I nyare tid kan ein også ha i konjakk eller sherry, eller bruka fruktjus til å laga wassaildrikken. Ein kan også ha i fruktbitar som eple eller appelsin, og frå gammal tid også brød- eller kakestykke.

Eit namn på ein type wassaildrikk er lamb's wool eller lambswool. Her har ein bakt eple oppi.

Drikka er tidvis skildra i wassailsongar, som i «Gloucestershire Wassail»:

Wassail! wassail! all over the town,
Our toast it is white and our ale it is brown;
Our bowl it is made of the white maple tree;
With the wassailing bowl, we'll drink to thee.[4]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 John T. Koch, «Canu gwasael», Celtic culture: a historical encyclopedia 
  2. Iona Opie og Moira Tatem, red. (1996), «WASSAILING cornfields and cattle», A Dictionary of Superstitions, Oxford Reference Online. Oxford University Press 
  3. 3,0 3,1 Iona Opie og Moira Tatem, red. (1996), «WASSAILING fruit trees», A Dictionary of Superstitions, Oxford Reference Online. Oxford University Press 
  4. Gloucestershire Wassail ved Digital Tradition Mirror
  • Julia Cresswell, «wassail», Oxford Dictionary of Word Origins, Oxford Reference Online. Oxford University Press 
  • Jacqueline Simpson og Steve Roud (2000), «wassail», A Dictionary of English Folklore, Oxford Reference Online. Oxford University Press 
  • Elizabeth Knowles, red. (2006), «wassail», A Dictionary of Phrase and Fable, Oxford Reference Online. Oxford University Press 
  • Iona Opie og Moira Tatem, red. (1996), «WASSAILING sea», A Dictionary of Superstitions, Oxford Reference Online. Oxford University Press 
  • Robert Doares (2006), «WASSAILING THROUGH HISTORY», Colonail Williamsburg, The Colonial Williamsburg Foundation 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Wassail