Wayne Rooney

britisk fotballspelar

Wayne Mark Rooney (fødd 24. oktober 1985 i Liverpool) er ein engelsk fotballspelar som har spela som spiss for Manchester United i engelsk Premier League, og for det engelske landslaget. Han har vorte seriemeister i England med Manchester United fem gonger (2007, 2008, 2009, 2011 og 2013), vunne den europeiske Meisterligaen i 2008 og VM for klubblag same året. Han vart kåra til årets spelar i England i 2010 og årets unge spelar i 2005 og 2006. Han vart tidenes yngste landslagsspelar for England då han debuterte for A-landslaget 12. februar 2003, som 17-åring. Denne rekorden stod til han vart slått av Theo Walcott i juni 2006. Han var Manchester United sin toppskårar i Premier League i 2004/05-, 2009/10-, 2011/12- og 2013/14-sesongen.

Wayne Rooney
Personleg informasjon
Fullt namn Wayne Mark Rooney
Fødd 24. oktober 1985 (38 år)
Fødestad Liverpool
Høgd 178 cm
Posisjon Angrepsspelar
Klubbinformasjon
Noverande lag
Manchester United
Nummer 10
Ungdomsklubbar
1996-2002 Everton
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2002-04
2004-
Everton
Manchester Utd
67 (15)
307 (158)
Landslag
2003- England 91 (39)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 11. mai 2014
‡ Landslagsmål oppdatert 4. juni 2014