We're Gonna Move
Song av Elvis Presley
Innspelt 1956
Sjanger Country[1]
Lengd 2:29
Låtskrivar(ar) Elvis Presley, Vera Matson

We're Gonna Move er ein song av Elvis Presley. Elvis Presley og Vera Matson står oppført som låtskrivarar, men han vart i røynda skriven av ektemannen til Matson, Ken Darby og publisert av Elvis Presley Music. Songen vart spelt inn for filmen Love Me Tender og gjeven ut på ein RCA Victor-EP i 1956. «We're Gonna Move» vart spelt inn 24. august 1956.

I staden for eit heilt filmmusikkalbum med musikken frå Love Me Tender vart fire songar frå filmen gjevne ut på EP-en Love Me Tender i november 1956. EP-en vart sertifisert til platina av RIAA. EP-en nådde 10. plassen på Billboard EP-lista og 22. plassen på Billboard 200 albumlista. Han nådde niandeplassen på Top Pop Albums-lista med eit sal på over 600 000, i tillegg til 35. plassen på singellista. Dei fire songane på EP-en vart spelt inn i Fox-studioet Stage One i Hollywood, den 24. august 4. september og 1. oktober 1956.

Medverkande endre

Andre versjonar endre

Songen er òg blitt innspelt av Adriano Celentano i 1973 og G.I. Blues i 1999. Songen vart omsett til tysk og framført av Peter Moesser som «Unser Haus» i 1959. Ein fransk versjon vart skriven av Jacques Poterat som «Le cavalier du crépuscule» og gjeven ut av Long Chris i 1963.

Kjelder endre

  1. Heartbreak Hotel: The Life and Music of Elvis Presley - page 78

Bakgrunnsstoff endre