Wells er ein liten by i Somerset i England. Han er ein av dei minste byane i landet som har status som city, noko han har fordi han i mellomalderen vart ein katedralby. Namnet kjem frå tre brønnar på eigedomen til bispepalasset.

Wells

Flyfoto av Wells
Flyfoto av Wells
Flyfoto av Wells
Plassering
Wells is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  England
Grevskap Somerset
Distrikt Mendip
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

10 406
Koordinatar 51°12′N 2°39′W / 51.200°N 2.650°W / 51.200; -2.650
Diverse annan informasjon
Postnummer BA5
Telefon-retningsnummer 0 1749
Commons har multimedium som gjeld: Wells

Bispesetet vart oppretta i 909, og delar av katedralen er frå 900-talet. I 1088 vart setet flytta til Bath, som ligg kort veg unna, men byen heldt katedralen sin og bispedømet fekk nokre år etter flyttinga namnet Bath and Wells.

Byen er eit populært turistmål, både på grunn av attraksjonane i byen og nærleiken til Bath, Stonehenge og andre stader.

Kjelder endre