Sportverein Werder Bremen von 1899 e. V. er eit idrettslag i Bremen i Tyskland, skipa 4. februar 1899. Laget har i dag vel 39 100 medlemer. Fotballklubben Werder Bremen, ei avdeling idrettslaget, spelar i Bundesliga, toppdivisjonen i tysk fotball.

Werder Bremen

Fullt namnSportverein Werder Bremen von 1899 e.V.
KallenamnDie Werderaner (Elveøyarane)
Die Grün-Weißen (De grøn-kvite)
Kort namnBremen
Grunnlagd4. februar 1899
HeimebaneWesterstadion
(kapasitet: 42,100)
StyreleiarMarco Bode
Sportsleg leiarFrank Baumann
HovudtrenarFlorian Kohfeldt
LigaBundesliga
2018-20198.
NettstadHeimeside
Heimedrakt
Bortedrakt
Noverande sesong

Werder har vunne fire seriemeisterskap og seks cupmeisterskap (DFB-pokalen) i fotball. I 2004 sigra laget i begge desse tevlingane og tok ein historisk dobbelsiger. Werder Bremen vann Cupvinnarcupen i 1992 etter 2-0 over Monaco FC, norske Rune Bratseth hadde då ei viktig rolle som midtstoppar for det tyske laget. Werder nådde i 2009 finalen i den aller siste UEFA-cup-turneringa. Her vart det etter ekstraomgangar tap 1-2 for det ukrainske laget Sjakhtar Donetsk.

Werder Bremen spelar heimekampane på Weserstadion, eit stadion med plass til 42 500 tilskodarar. Laget spelar i grøne og kvite drakter.

Kjelder endre