Werner Heisenberg

Werner Karl Heisenberg (5. desember 1901 1. februar 1976 ) var ein kjend tysk fysikar og ein av dei viktigaste fysikarane på 1900-talet.[1] Han vann mellom anna Nobelprisen i fysikk i 1932 «for å ha skapt kvantemekanikken». I lag med Max Born og Pascual Jordan utvikla Heisenberg matriseformuleringa av kvantemekanikken i 1925 og i 1927 publiserte han uskarpleiksrelasjonen, som bygde på filosofien hans og som han er mest kjend for. Han gjorde òg viktige bidrag i hydrodynamikken i turbulente straumar, atomkjernar, ferromagnetisme, kosmisk stråling og subatomære partiklar. Han var òg særs viktig i planlegginga av den første vesttyske kjernereaktoren i Karlsruhe og ein forskingsreaktor i München i 1957. Det har vore mykje kontroversar kring arbeidet hans på atomforsking under andre verdskrigen.

Werner Heisenberg

Fødd5. desember 1901
Würzburg i Tyskland
Død1. februar 1976 (74 år)
München i Tyskland
NasjonalitetTysk
Områdeteoretisk fysikk, matematikk
Yrketeoretisk fysikar, fjellklatrer, akademikar, faglitterær forfattar, universitetslærar, matematikar, fysikar, kjernefysiker
InstitusjonarUniversitetet i Göttingen
Københavns Universitet
Universitetet i Leipzig
Humboldt-Universität zu Berlin
University of St Andrews
Ludwig-Maximilians-Universität München
Max Planck Institute for Physics
Nazitysklands kjernekraftprogram
Alma materUniversitetet i München
DoktorgradsrettleiarArnold Sommerfeld
DoktorgradsstudentarFelix Bloch
Edward Teller
Hermann Arthur Jahn
Kjend forHeisenbergs uskarphetsrelasjon
InfluerteRobert Döpel
Carl Friedrich von Weizsäcker
EktefelleElisabeth Heisenberg
BarnJochen Heisenberg, Martin Heisenberg, (Anna) Maria Heisenberg, Wolfgang Heisenberg, Christine Mann, Barbara Heisenberg, Verena Heisenberg
MedlemRoyal Society
Det prøyssiske vitskapsakademiet
Akademie der Wissenschaften der DDR
Det saksiske vitenskapsakademiet
Deutsche Akademie der Naturforscher Leopoldina
Accademia Nazionale dei Lincei
Det pavelege vitskapsakademiet
Det bayerske vitskapsakademiet
Göttingens vitenskapsakademi
De atten fra Göttingen
Kungliga Vetenskapsakademien
Koninklijke Nederlandse Akademie van Wetenschappen
American Academy of Arts and Sciences
Bayerische Akademie der Schönen Künste
Det saksiske vitenskapsakademiet
National Academy of Sciences
ReligionLuthersk
Merknader
Han var far til nevrobiologen Martin Heisenberg og son av August Heisenberg

Liv endre

Heisenberg vart fødd i ein professorfamilie i Würzburg i 1901. Faren hans var bysantinisten August Heisenberg. Studiet sitt i fysikk fullførte han på minstetida, tre år, og vart i 1924 assistent for Max Born i Göttingen og arbeidde med Niels Bohr i København. I dei følgjande åra grunnla han saman med Max Born og Pascual Jordan kvantemekanikken. Berre 26 år gammal vart han i 1927 professor ved universitetet i Leipzig, og fekk i 1932, 31 år gammal, Nobelprisen i fysikk. Mellom 1942 og 1945 leia han Kaiser-Wilhelm-Institut für Physik i Dahlem og underviste som professor ved Humboldt-universitetet i Berlin, der han deltok i hæren sin uranprosjekt og arbeidde med utviklinga av atombomba. I 1946 vart han direktør for Max-Planck-Institut für Physik i Göttingen, og frå 1958 til 1970 var han direktør for Max-Planck-Institut für Physik und Terrestrische Physik i München.

Heisenberg vart i 1957 utnemnd til den tyske ordenen Pour le Mérite für Wissenschaften und Künste.

Med kona si Elisabeth, som han hadde gifta seg med i 1936, hadde Heisenberg sju born, mellom dei genetikkprofessoren Martin Heisenberg.

Kjelder endre

  1. Werner Heisenberg. I Store norske leksikon. Henta frå: http://snl.no/Werner_heisenberg

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Werner Heisenberg
  Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Werner Heisenberg