Weser er ei stor elv nordvest i Tyskland. Ho har sitt utspring i Hann. Münden der elvane Fulda og Werra renn saman, og renn gjennom den historiske hansabyen Bremen og 50 km seinare munnar ho ut i Nordsjøen ved hamnebyen Bremerhaven. På motsett side (i vest) ligg byen Nordenham ved utgangspunktet til halvøya Butjadingen, som plasserer elvemunningen i Niedersachsen. Elva har ei total lengd på 452 km, og i lag med kjeldeelva Werra, som har utspring i Thüringen, er lengda 744 km.

Weser
elv
Weser i Bremen.
Land  Tyskland
Nedslagsfelt 46 306 km²
Lengd 452 km
Middelvassføring 327 /s
Kjelde Ved Hann. Münden
 - høgd 117 moh.
Munning Nordsjøen
Kart
Weser
53°33′40″N 8°31′20″E / 53.561111°N 8.522222°E / 53.561111; 8.522222
Wikimedia Commons: Weser River
Kart over elveløpet.

Språkleg sett har namnet på elvane Weser og Werra same opphav, og skilnaden kjem av den gamle språklege grensa mellom høgtysk og nedertysk, som låg i området rundt Hannoversch Münden.

Weser er den einaste elva som munnar direkte ut i havet og som berre renn innanfor Tyskland.

Geografi endre

Dei øvre delane av elva renn gjennom eit åslendt landskap kalla Weserbergland. Det strekkjer seg frå området der Fulda og Werra renn saman til Porta Westfalica, der ho renn gjennom eit gjel mellom dei to fjellkjedene Wiehengebirge i vest og Weserbergland i aust.

Mellom Minden og Nordsjøen er elva stort sett kanalisert og skip opp til 1 200 tonn kan segle her. Det er bygd åtte demningar for vasskraftproduksjon langs elva. Lenger nede er ho forbunde til Dortmund-Ems-kanalen via Küstenkanal og ein annan kanal knyter ho til Elbe ved Bremerhaven. Eit stort reservoar på elva Eder, den største sideelva til Fulda, vert nytta til å regulere vassnivået i Weser, slik at ho er djup nok for skipstrafikk året rundt. Demninga, som vart bygd i 1914, vart bomba og øydelagd av britiske fly i februar 1943, noko som førte til tap av liv og store øydeleggingar lenger nede i elva. Demninga vart bygd opp att etter fire månadar. I dag er reservoaret Edersee ein feriestad om sommaren og ein stor produksjon av vasskraft.

 
Fyret Alte Weser

Weser munnar ut i Nordsjøen i den sørlegaste delen av Tyskebukta. Her delar ho seg i to greiner. Desse sjøarmane vert kalla Alte Weser (Gamle Weser) og Neue Weser (Nye Weser). Dei er store vassvegar for skip som skal til hamnene i Bremerhaven, Nordenham og Bremen. Det nordlegaste punktet til Weser er markert med fyret Alte Weser. Dette fyret erstatta det historiske og kjende fyret Roter Sand i 1964.

Byar langs Weser endre

Byar som ligg langs elva, frå kjelda til munning, er: Hannoversch Münden, Beverungen, Höxter, Holzminden, Bodenwerder, Hameln, Hessisch Oldendorf, Rinteln, Vlotho, Bad Oeynhausen, Porta Westfalica, Minden, Petershagen, Nienburg, Achim, Bremen, Brake, Nordenham og Bremerhaven.

Sideelvar endre

Den største sideelva til Weser er Aller, som ho mottar i Bremen.

Sideelvar til Weser og Werra (frå kjelda til munning):

Etymologi endre

Namnet Weser finn ein igjen i andre elvar som Wear i England og Vistula i Polen, som alle har opphav i den gamle frisiske rota wāse eller norrønt veisa, som tyder «slam, gjørme, stilleståande dam».

Sjå òg endre

Kjelder endre