Westerschelde er estuaret til elva Schelde sørvest i Nederland. Elva hadde ein gong fleire estuar, men desse heng ikkje lenger saman med Schelde slik at Westerschelde i dag er den einaste direkte vegen til sjøen. Westerschelde er ei viktig transportåre til hamna i Antwerpen derfor er elva, i motsetnad til fleire av dei andre greinene ikkje lukka av ei demning som ein del av Deltaprosjektet. I staden for er dika rundt elva gjort høgare og sterkare.

Plasseringa til Westerschelde
Westerschelde mellom Vlissingen og Breskens

Mange skip har forlist i Westerschelde. I samband med ein avtale mellom Nederland og Flandern i 1995 vart mange av desse vraka fjerna for å betre tilgangen til Antwerpen. Dei siste 38 vraka vart fjerna i løpet av 2003. Det største vraket var den 131 meter lange «Alan A. Dale» som vart fjerna i juni 2003.

Westerschelde-tunnelen endre

I midten av mars 2003 vart det opna ein 6,6 km lang tunnel under Westerschelde frå Ellewoutsdijk (Borsele kommune) i Zuid-Beveland til Terneuzen i Zeeuws-Vlaanderen. Det er den lengste tunnelen i Nederland og kostar 4,50 euro (2007) i bompengar for bilar og motorsyklar.

Ferje endre

Det går ferjer mellom Flushing og Breskens. Tidlegare var dette bilferjer, men etter tunnelen opna er desse berre tilgjengeleg for passasjerar og syklistar.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre