Wey er ei elv i England, for det meste i grevskapet Surrey. Ho er ei sideelv til Themsen, og startar som to separate elvar ved Alton og Liphook i Hampshire. Dei to møtest ved Tilford. Elva er navigerbar over ei strekning på omkring 32 km, frå Godalming til Themsen ved Weybridge sørvest for London.

Wey
elv
Wey nær den nordlege kjelda ved Farringdon i Hampshire
Land  England
Grevskap West Sussex, Hampshire, Surrey
Distrikt Chichester, East Hampshire, Waverley, Guildford, Woking, Elmbridge
Tilløp
 - venstre Tillingbourne
 - høgre Oakhanger Stream
Nedslagsfelt 904 km²
Byar Farnham
landemerke Surrey Hills AONB
Lengd 140 km
Kjelde
 - stad Farringdon /Blackdown, Hampshire/West Sussex
Kart
Wey i Surrey
51°11′N 0°45′W / 51.18°N 0.75°W / 51.18; -0.75
Wikimedia Commons: River Wey, Surrey

Dei 25 kilometrane til Guildford vart gjort navigerbare etter eit parlamentsvedtak i 1651. Arbeidet vart fullført i 1653, og tillét lektertransport til London. Utbetringar vart utført i 1671. I 1760 vart ytterlegare 7 km gjort navigerbare, fram til Godalming. Elva har i delar av denne strekninga karakter av ein kanal, og blir òg kalla Godalming Navigation. Basingstokekanalen og Wey og Arun-kanelen vart seinare bygd for å kople Wey til kanalnettverket.

Kanaldelen var i privat eige fram til 1963. Delar av ho vart gjeven til National Trust i 1964, og resten i 1968. Det har ikkje vore kommersiell trafikk sidan 1983. National Trust har eit vitjingssenter i eit tidlegare verft i Guildford.

Kjelder endre