When the Ship Comes In

When the Ship Comes In
Song av Bob Dylan
frå albumet he Times They Are a-Changin'
Utgjeve 13. januar 1964
Innspelt 23. oktober 1963
Sjanger Vise
Lengd 3:18
Selskap Columbia
Komponist Bob Dylan
Tekstforfattar Bob Dylan
Låtskrivar(ar) Bob Dylan
Produsent Tom Wilson

«When the Ship Comes In» er ei vise av Bob Dylan, gjeven ut på det tredje albumet hans, The Times They Are a-Changin' i 1964.

Joan Baez sa i dokumentarfilmen No Direction Home at songen var meir eller mindre inspirert av ein hotellresepsjonist som nekta å la Dylan få eit rom fordi han såg «uvaska» ut (han var ikkje kjend utafor visemiljøet på denne tida). Songen flyt så ut til å bli ein episk allegori om å sigre over dei undertrykkande «høge herrane». Ei anna inspirasjonskjelde var Bertolt Brecht/Kurt Weill-songen «Pirate Jenny».[1]

I følgje biografiforfattaren Clinton Heylin vart «When The Ship Comes In» skriven i august 1963 «etter Dylan vart fornærma då han prøvde å bestille eit hotellrom, men resepsjonisten mislikte den ustelte utsjånaden hans og Joan Baez måtte gå god for han». Heylin spekulerer i at «Jenny's Song» frå Brecht- og Weill sin Threepenny Opera òg var ein inspirasjon. Den tidlegare kjærasten til Dylan, Suze Rotolo, hugsar at «interessa hennar for Brecht påverka han. Eg arbeidde for The Circle i Square Theater og han kom ofte å høyrde på. Han likte særs godt songen som Lotte Lenya var kjend for, 'Pirate Jenny'.»[1]

Kort tid etter Dylan skreiv songen, framførte han og Baez songen i lag på Marsjen til Washington den 28. august 1963, som ein kan høyre på Dylan-albumet Live 1962-1966: Rare Performances From The Copyright Collections (2018). Dylan framførte seinare songen i Carnegie Hall den 26. oktober 1963. Denne versjonen finst å The Bootleg Series Vol. 7: No Direction Home: The Soundtrack (2005).

Dylan framførte songen under Live Aid den 13. juli 1985, akkompagnert av Keith Richards og Ron Wood frå Rolling Stones.

Kjende versjonar endre

Svensk versjon endre

  • Dei svenske songarane Mikael Wiehe og Totta Näslund song ein svensk versjon på albumet sitt Totta & Wiehe - Dylan. Denne var omsett av Wiehe og kalla «När vårt skepp slår til».

Norsk versjon endre

Fredrik Friis skreiv ein norskspråkleg versjon av songen kalla «Vel i havn», framført av Hansen i 1970.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Heylin, Clinton (2000). Bob Dylan: Behind the Shades Revisited. s. 124–125. ISBN 978-0060525699. 
  2. «Folk Blues Incorporated Discography - All Countries - 45cat». www.45cat.com. 

Bakgrunnsstoff endre